Sigrid Felde – Platesleppkonsert med band
Schedule
Sat, 13 Jun, 2026 at 08:00 pm to Sun, 14 Jun, 2026 at 02:00 am
UTC+02:00Location
Dalsvegen 97 A, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde, SF
For første gong blir debutalbumet framført i sin heilskap – live med fullt band.
Albumet krinsar rundt kjensler knytte til relasjonar, forventningar og kjærleik. Med sterke melodiar, nære tekstar og ei uttrykksfull stemme byr Sigrid på eit popunivers som rommar både sårbarheit og kraft.
Denne kvelden får publikum oppleve låtane slik dei er meint å kjennast – levande og tett på.
KONSERTSTART: 21:30
BAR FRÅ: 20:00
Med seg på scena har ho:
🥁 Mats W. Systaddal – slagverk/keys
🎸 John Trygve M. Evensen – bass
🎸 Øyvind Dybvik – gitarar
🎹 Kåre Sandvik – keys
🎤 Ragnhild Felde – kor
🎤 Marie Felde – kor
Dette blir ein kveld for både nye og gamle lyttarar – ei feiring av musikken, tekstane og fellesskapen rundt eit heilt nytt album.
Før og etter konserten blir det god stemning i foajeen på Samvirket 💫
Where is it happening?
Dalsvegen 97 A, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Dalsvegen 97A, 6963 Dale, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:



















