Seckou Keita m/gjester
Advertisement
Den internasjonale karrieren til korameisteren Seckou Keita starta i Førde. No kjem han tilbake!
I 1996 deltok han som ung musikar frå Senegal på Førdefestivalen sitt talentprogram. Det var første gong han reiste utanfor heimlandet, saman med onkelen sin, den legendariske koraspelaren Solo Cissokho. Slik byrja ei lang internasjonal karriere.
I dag er Keita ein av dei fremste koraspelarane i verda. Med kora og dei 22 strengane hennar fører han vidare ein over 700 år gammal tradisjon, i eit uttrykk som både er personleg og forankra.
Konserten er ein del av Seckou Keita – 30 Years Anniversary Tour, og markerer tre tiår som artist. Med seg på scena har han songar og felespelar Lajla Storli, tidlegare deltakar i talentprosjektet i Førde, samt ngoni‑ og gitarmeister Olav Torget.
Billettsalet er i gang, ver om deg.
Velkomne!

Where is it happening?
Festsalen, Førdehuset, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherFørdefestivalen