Sanning som vekstsmerter
Schedule
Fri Jan 23 2026 at 01:00 pm to 01:45 pm
UTC+01:00Location
Kirkens Bymisjon, Bymisjonssenteret Ålesund | Ålesund, MR
Advertisement
Ein nær og viktig samtale om korleis det vanskelege òg kan føre til vekst, og korleis sanninga kan vere både ei bør og ei frigjering.Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya utanfor Ålesund og debuterte med romanen Sinne i 2020, ei bok som same året vann både Bokhandlerprisen og Årets ulest. Seinare har ho gitt ut ungdomsromanen Eg blir her(2022), og På ein skala frå ein til ti er hennar tredje roman.
Anne-Lise Frøland (f. 1993) er forfattar frå Ålesund. Ho debuterte i 2025 med Tynne rivner av lys, ein roman om psykiatri, pårøranderoller, håp og kor vanskeleg det kan vere å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp. Ho skriv nært, konkret og på nynorsk, med sterke skildringar av både menneske og natur.
Begge forfattarane skriv om det som er tungt å bere, men òg om motet til å stå i det og finne vegen vidare. Gjennom På ein skala frå ein til ti og Tynne rivner av lys viser dei korleis det smertelege kan bli starten på noko nytt, og korleis det å fortelje det sanne kan gi både frigjering og forsoning.
Samtalen blir leia av Mariann Schjeide, ein av landets mest erfarne bibliotek- og litteraturformidlarar. Ho er i dag biblioteksjef ved Høgskulen i Volda.
Arrangementet er gratis – opent for alle.
Advertisement
Where is it happening?
Kirkens Bymisjon, Bymisjonssenteret Ålesund, Parkgata 9, 6003 Ålesund, Norge, Ålesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.






