Samtale: Forteljingar i arbeidslivet

Schedule

Tue Mar 17 2026 at 10:00 am to 11:00 am

UTC+01:00

Location

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde, SF

Advertisement
Kva for rolle speler forteljekunst i ulike bransjar? Kva utfordringar må aktørar i arbeidslivet navigere når det kjem til forteljing og formidling, til ulike målgrupper, på tvers av kulturar og i digitale flater? Korleis påverker KI kompetansebehova knytt til forteljing og formidling? Kva grunnlag bør skular og utdanning legge?
Under Sanderseminaret inviterer vi til ein spanande panelsamtale i Løa i Klokkargarden, med Rune Fossum Lillesvangstu frå NRK Nynorsk Mediesenter, Johanne Viken Sandnes frå Sparebank1 Sogn og Fjordane og Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg Vestland. Samtalen blir leia av Tor Egil Furevikstrand, ass. rektor ved Dale vidaregåande skule.
Rune Fossum Lillesvangstu er journalist, forfattar og leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Han har vore fenrik i Forsvaret, har studert historie og statsvitskap, og arbeidd som sportsjournalist, vaktsjef og reporter på TV, radio og nett i Firda og NRK. Han har også gitt ut bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane og om Førde idrettslag. Som leiar for NRK Nynorsk mediesenter lærar han opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn, nett og sosiale medium.
Johanne Viken Sandnes er direktør for kommunikasjon og samfunn i Sparebank1 Sogn og Fjordane. Ho har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgjevar i TV 2 og i Knowit Experience. Sandnes sit i styret i Framtidsfylket. Ho har studert PR og informasjon ved Høgskolen i Volda.
Ingar Valvik er ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland. Han har bakgrunn både frå bank- og kreditt, offentleg sektor og næringsliv i Vestland, og brei erfaring og kjennskap til næringslivet i vår region. Valvik er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule.
Tor Egil Furevikstrand er ass. rektor og norsklektor ved Dale vidaregåande skule. Han har leia faggruppa som har utvikla læreplanen for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst.
Etter samtalen vert det lunsj i Løa.
Billett og lunsj må tingast på førehand. Følg lenkja over.
Advertisement

Where is it happening?

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Jakob Sande-senter for forteljekunst

Host or Publisher Jakob Sande-senter for forteljekunst

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Førde

Forteljekveld med Jaja og Anna Kleiva
Tue, 17 Mar at 07:00 pm Forteljekveld med Jaja og Anna Kleiva

Jakob Sande-senter for forteljekunst

\u00c5rsm\u00f8te Nikka Vonen venelag
Wed, 18 Mar at 04:00 pm Årsmøte Nikka Vonen venelag

Nikka Vonens Veg 10, 6963

Svanesj\u00f8en - Classical Ukrainian Etoile Ballet \/\/ F\u00f8rdehuset
Wed, 18 Mar at 07:00 pm Svanesjøen - Classical Ukrainian Etoile Ballet // Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

PERFORMANCES ART
NMG19 F\u00f8rde - Sogndal
Wed, 18 Mar at 07:00 pm NMG19 Førde - Sogndal

Hafstadparken

Synne S\u00f8rgjerd \/\/ VEKAO
Wed, 18 Mar at 08:30 pm Synne Sørgjerd // VEKAO

Fjørevegen 18A, Sogndal

CONCERTS
Samtale: Forteljingar i arbeidslivet
Tue, 17 Mar at 10:00 am Samtale: Forteljingar i arbeidslivet

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway

\u00c5rsm\u00f8te Nikka Vonen venelag
Wed, 18 Mar at 04:00 pm Årsmøte Nikka Vonen venelag

Nikka Vonens Veg 10, 6963

\u00c5rsm\u00f8te Studentspretten 2026
Mon, 23 Mar at 04:00 pm Årsmøte Studentspretten 2026

Røyrgata 6, Sogndalsfjøra

\u00c5rsm\u00f8te - Sogndal Kunstlag
Mon, 23 Mar at 06:00 pm Årsmøte - Sogndal Kunstlag

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

\u00c5rsm\u00f8te for Systrond Sogelag
Wed, 25 Mar at 05:30 pm Årsmøte for Systrond Sogelag

Villmarka

Historietime: Ei unik vev-historie
Thu, 16 Apr at 07:00 pm Historietime: Ei unik vev-historie

Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway

Skal vi snakke om det? Nasjonal spr\u00e5kkonferanse i Nynorskhuset
Wed, 29 Apr at 09:30 am Skal vi snakke om det? Nasjonal språkkonferanse i Nynorskhuset

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway

Elevate karrierefestival 2026
Tue, 02 Jun at 08:00 am Elevate karrierefestival 2026

Hafstadvegen 25, 6800 Førde, Norway

KNORRTREFFET 2026 - NMCK
Fri, 14 Aug at 05:00 pm KNORRTREFFET 2026 - NMCK

Naustedalen 955, Naustdal

What's Happening Next in Førde?

Discover Førde Events