Saklig søndag spesial: Menn som nesten elska meg
Schedule
Sun, 28 Sep, 2025 at 01:00 pm
UTC+02:00Location
Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norway | Oslo, OS
Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Ein av dei som har lest boka med stor begeistring, er psykologspesialist og forfattar Sissel Gran. På Litteraturhuset møter ho Katrine Sele til samtale om å finne kjærleik i vaksen alder.