Rui-seminaret 2026 - Kan trua bli for sterk?
Schedule
Sun, 31 May, 2026 at 12:00 pm
UTC+02:00Location
Plassen Rui | Notodden, TE
Advertisement
Velkomen til Rui-seminaret 2026. Kan trua bli for sterk?
For sjette gong samlast me på Rui for å løfte fram viktige spørsmål om tru, samfunn og menneskeliv.
Årets tema handlar om balansen mellom tru og tvil - og kva som skjer når trua får for stor makt, både i enkeltliv og i politikk.
Program:
12.00 - Gudsteneste
13.00 - Seminarstart
Katarina og Kim André Aasgaard opnar dagen. Mange kjenner dei frå TV2-serien "Under Guds øye", der dei fortalde om livet i eit lukka kristent miljø. No deler dei refleksjonar og deltek i panelsamtale.
Katarina er truopplæringsmedarbeider i Kviteseid, og Kim André arbeider som IT-forretningsutviklar.
Me løftar også blikket ut i verda, der religion spelar ei sterk rolle i land som USA, Russland og Iran.
Panelsamtale:
Katarina og Kim André Aasgaard
Benedikte Nes
Rebecca Figenschau
Christian Utigard
Panelleiar: Line Omland Eilevstjønn
Kulturelt innslag - song og musikk.
Hjartleg velkomen til ein dag med ettertanke og gode samtaler.
Arrangera i lag av Tokke kommune/Tokke bibliotek, Eidsborg, Mo og Skafså sokneråd og Prostidiakonatet i Vest-Telemark.
Advertisement
Where is it happening?
Plassen Rui, Eidsborgvegen 166B, 3880 Dalen, Norge, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.












