Reis med «Stord I» til Salhus for å oppleve Tekstilindustrimuseet og Salhus Tricotasjefabrik

Schedule

Sun Aug 23 2026 at 10:30 am to 05:00 pm

UTC+02:00
Location

Shetlands-Larsens Brygge, Bergen, Norge | Bergen, HO

Advertisement
Ta med deg badetøy og hopp i sjøen for ein haustleg dukkert!
Veterandampskipet «Stord I» har avgang Bergen/Vågen frå Shetlands Larsens brygge søndag 23. august 2026 kl. 11.00 for å segle til Salhus med ankomst ca. kl. 12.00. Under opphaldet i Salhus fram til kl. 15.00, kan du oppleva utviklinga frå strikkepinnar til, for si tid, avanserte strikkemaskinar frå 1930/1950-talet. «Stord I» representerer ein dampskipsperiode for rutebåtar frå 1880 – 1960.
Båtbilletten for vaksne dekkar både båtturen og inngangsbillett til museet.

«Strikk og mekanikk» med skip og i fabrikk!
SALHUS TRICOTAGEFABRIK
Salhus Tricotagefabrik er eit freda kulturmiljø i Salhus. Fabrikken var i drift frå 1859 til 1989 og produserte strikka klede av god kvalitet – trikotasje betyr strikka stoff. I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala.
På denne turen vil du få oppleve Salhus Tricotagefabrik, lære meir om kledesproduksjonen i fabrikken og elles i verda. Kjenne karda ull mellom fingrane, høyre maskinstøyen, kjenne luktene i dei gamle lokala, utforske fabrikkstaden Salhus, og sjå utstilling med kunststudentar med fordjuping i tekstil, ved fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.
Båt og bading - 23. august
B Swimwear er et norsk badetøyskonsept med fokus på bærekraft, passform og kvalitet. Bak merket står Synnøve Balbanian, som arbeider med å skape inkluderende og varige produkter med omtanke for både mennesker og miljø.
Alle produktene er laget i Norge, og produseres av brukte, ødelagte eller uønskede materialer som ellers ville blitt kastet. Målet er å skape noe nytt uten å belaste miljøet med nyproduksjon.
Med et ønske om at alle skal føle seg vel i badetøy, utvikler SB Swimwear plagg for både helårsbadere og de som tar seg en dukkert i ny og ne.
Denne dagen inviterer vi til en sommerlig opplevelse med fokus på badeglede, fellesskap og bærekraft.
Det blir foredrag med SB swimwear på reisen til Salhus og etterpå kan du bli med på felles bading.
Program: (foreløpig)
· 11.00 - Stord1 avgang frå Bergen
· 11.20 - (på båten) - Foredrag med SB swimwear v/ Synnøve Balbanian
· ca. 12.00 - .ankomst Salhus
· 13.00 - Felles bading
· 12-14.00 - utforsk museet, kjøp lunsj i Krone kafé
· 15.00 - retur med Stord1 til Bergen
Det vil i tillegg vere:
Ope strikkeloft: Opplev strikkemaskiner frå 1930- og 1950-talet i drift kl. 12 -13
Open smie: Demonstrasjon av produksjon i smia kl. 12-13
Aktivitetsbord: Aktivitetar for alle
I MUSEUMSBUTIKKEN
10 % av på varer som sokkar, skjerf, gensarar og bomullsplagg produsert på fabrikken
Loddtrekning av gåvekort kl. 14:30 for alle
STEMNING I KRONE KAFÉ
* Meny: Blings, skillingsbollar, kake. Kaffi/te, saft/juice.
Orienter deg om kulturmiljøet i Salhus:
https://snl.no/Salhus_Tricotagefabrik
https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/bevaringsprogramma/tekniske-og-industrielle-kulturminner/salhus-tricotagefabrik/
Stord I
Dampskipet «Stord I» vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913. Skipet gjekk i rute for reiarlaget fram til 1969.
Skipet blei restaurert som veteranskip mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte i 2013 passasjersertifikat for 99 passasjerar. Skipet har mange salongar og god plass på mange dekk. På turen frå Bergen til Salhus og tilbake kan ein oppleve heile skipet som styrehus, maskinrom og bysse.
Byssa til D/S Stord I sel både mat og drikke som bacalao og betasuppe, svele og vaflar, og godt utval av drikke som kaffi, te, brus, mineralvatn, øl og vin.

AVREISE FRÅ SALHUS KL 15.15 Ankomst Bergen/Vågen ca. kl, 16.30.

Orienter deg om D/S Stord I :
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1/
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1/
Advertisement

Where is it happening?

Shetlands-Larsens Brygge, Bergen, Norge, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Stord1
Host or PublisherStord1

Ask AI if this event suits you