Påsken i Gamleposten med mord, mat og gode historier!
Schedule
Sat, 28 Mar, 2026 at 06:00 pm to Thu, 02 Apr, 2026 at 10:00 pm
UTC+01:00Location
Espeværvegen 14, Espevær | Haugesund, RO
Advertisement
Påsken i Gamleposten:Palmelaurdag, 28.mars kl.18.00 har me
Mord- og mysteriekveld på Gamleposten 5444
Palmelørdag inviterer vi til ei stemningsfull og spanande kveld fylt med mat, mystikk og mord!
Påsken er tida for krimgåter, mørke løyndomar og skarpe hjerner – og kva passar vel betre enn ei ekte mord- og mysteriekveld på Gamleposten 5444?
Denne kvelden vert det servert ein smakfull meny servert kl.18.00:
-Bolinjos med chillimajones
-Langtidsbraiserte lammeskanker med potetpuré
-Ost med marmelade og fruktbrød – servert utover kvelden medan mordgåta vert nøsta opp
Etter middagen får gruppene utdelt mysteriet dei skal løyse. Kvar gruppe får utdelt sitt eige mordmysterie som skal løysast. Her må de samarbeide, leite etter spor, analysere bevis og kanskje avsløre kven blant dykk som ikkje talar heilt sant…
Klarer de å løyse mysteriet før kvelden er omme?
Eller sit mordaren midt iblant dykk?
Samle vener, familie eller kollegaer og bli med på ei heilt spesiell påskeoppleving fylt med spenning, latter og gode smakar.
Grupper på 4-6 personar.
Kr. 895 pr pers!
Begrensa tal plassar – meld dykk på i tide!
1.- og 2. april
I påskeveka held vi ope onsdag og skjærtorsdag, og inviterer til ei stemningsfull matoppleving med 3-, 5- eller 7-retters meny.
På Gamleposten let vi maten fortelje historier – om tradisjonar, om handverk og om råvarer i sesong.
La påska bli ei stund for å senke skuldrane, dele gode smakar og skape nye minne rundt bordet.
Meny:
– gamleposten si rømmesild -
Servert med rugchips, sylta raudlauk og dillolje
-Varmrøykt makrell frå Haaheim-
Med eple, agurk, pepperrotkrem og sprø rug
-Lettsprøysteikte kamskjell
Blomkålpuré, brunet smør, hasselnøtter og sitron
-Krema fiskesuppe på Gamleposten-vis
Med sesongens fisk, fenikkel, urter og heimelaga brød
-Ovnsbakt torsk-
Ertepuré, sandefjordsmør og småpoteter
-Rosasteikt lammecarré
Kvitlauk- og timiansjy, potetpuré og vårens grøne grønsaker
-Påskeinspirert dessert
Sitronfromasj med marengs, pasjonsfrukt og kvit sjokolade
3 retters
-fiskesuppe, lammecare, dessert
5 retters
-makrell, kamskjell, fiskesuppe, lammecare, dessert
3 retter kr 745
5 retter kr 1045
7 retter kr 1295
Velkomen til ei påskehelg litt utanom det vanlege på Gamleposten 5444.
Retur med Venemøy til Eidesvik kl 23.00, palmelørdag og skjærtorsdag. kr 155.
Bordbestilling: Rollaug 41215175/ Silje 90980814
Advertisement
Where is it happening?
Espeværvegen 14, Espevær, Espeværvegen 20, 5444 Bømlo, Norge, Haugesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.













