PROTEST FRA VEST: Johan Egdetveit + Marianne Aanerud
Schedule
Sun, 09 Feb, 2025 at 06:00 pm
UTC+01:00Location
Liergutua 49, 1930 | Lillestrøm, AK
Advertisement
Johan Egdetveit er ein komponist, produsent og musikar, basert i Stavanger. Han er også protestsongar. Av den nådelause sorten. Ingen slepp unna hans kritiske blikk: På marknadsliberalismen, på juksinga, ministrar som drit seg ut, den generelle forjævliseringa og aukande ulikskapen. I tillegg er han ganske god på arbeidarklassen sitt hovudinstrument; trekkspelet.Johan Egdetveit voks opp på ein fjellgard i Vossetraktene. Vosseguten tok trekkspelet med seg til den prestisjetunge Musikkhøgskulen i Oslo, godt inspirert av læraren på musikklinja på Voss, trekkspelguruen Olav Ullestad. Stavanger Musikkskule var den direkte årsaka til at Egdetveit kom til Stavanger. Dei trong sårt ein trekkspellærar, og Egdetveit var passelei av å spele i bunad på Disney World i Florida. Opp gjennom åra har han vore med i fleire band, blant anna saman med Reidar Larsen og Tor Mathisrud, i Wunderkammer, Salmer frå kjøkkenet med Rønnaug Bakke og i sitt klezmer-orkester, ein eigen trio, ein duo med Silje Vige, samt vore på turné med Rikskonsertane med blant anna Skakke Sanger. Johan har også spelt med Stavanger Symfoniorkester. På scena i Elsehuset i februar er han riktignok heilt åleine. Som protestsongar.
Marianne Aanerud flytta fra skau og gris i Aurskog til regn og fjell i Bergen som attenåring og har til tross for tidvis påtrengende værsjuke blitt værende, av litt uklare grunner. Musikalsk var hun ei ganske vanlig pianospillende og notelesende jente som sang alt i ungdomskoret og akkompagnerte venninner som ga henne lov til å synge en og annen understemme på refrenget. Pianoløse studenthybler tvang henne til gitarspill og etter hvert sang hun litt mer selv også.
Det er likevel ikke først og fremst musikken, men forsøk på humor, underholdning og satire som har drevet henne til Bergens småscener. Ettersom kampen om Bybanen langs Bryggen i Bergen har sporet av, og oljenorge nedprioriterer klima-, natur- og miljøpolitikk, har hun begått protestviser. Livet som sjukehuslege byr også på daglig inspirasjon til viser om folk og levde liv. Til Elsehuset tar hun med litt av hvert til innvortes oppvarming – både protestviser og geriljaoversatt portugisisk fado.
Advertisement
Where is it happening?
Liergutua 49, 1930, Liergutua 49, 1930 Aurskog, Norge,Aurskog, Lillestrøm, NorwayEvent Location & Nearby Stays: