Odd Nordstoga - Før du går
Schedule
Tue, 03 Nov, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norway | Notodden, TE
Advertisement
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar.
Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa.
No arbeider han med ny, strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kjem til hausten, tek han med seg sitt glimrande band og vitjar Gullbring Kulturhus 3. november.
Advertisement
Where is it happening?
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norway, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norge, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















