Vandreturne #1 – Lurås
Schedule
Tue Jun 30 2026 at 08:00 pm to 09:00 pm
UTC+02:00Location
Nordmellomgarden 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge | Notodden, TE
Advertisement
Vandreturne #1 – Lurås Hilmin og Luråsen
Vandreturnéen på “På sporet av Hilme og Lurås” startar med konsert i tunet på garden Miljom-Luraas. Per Anders Buen Garnås er kveldens gjesteartist. Per Anders er ein unik slåtteformidlar – å høyre han spele er å høyre inn i eit rikhaldig tverrsnitt av kva tradisjonsspel kan vere – med musikalsk oversikt og overskot formidlar han tradisjonelt slåttespel på hardingfele.
Tema for konserten på Lurås er lenkja mellom Knut Lurås (1782-1843) og Jørn Hilme (1778-1854). Både Lurås og Hilme blir beskrive som vandrande spelemenn, dei gjekk langt, snappa opp nye låttar og forma sine tradisjonar. På eit tidspunkt møttest desse to og utveksla slåttar – ein ser fragment av dette møtet gjennom slåttetitlar som “Luråsen”, og gjennom felleslåttar i Tinn og Valdres. Konserten lar seg inspirere av møtet mellom Luråsen og Hilme, og Per Anders Buen Garnås og Sivert Holmen vil formidle låttar og historier knytt til dette.
Medarrangør er Lure Historielag, og dei held eit miniføredrag på starten av konserten. Det blir servert kaffi og noko å biteti. Konserten er utandørs.
Konserten markerer også starten på Sivert Holmen sin vandreturné i 2026 – turen startar i Lurås og Holmen går til fots til Fagernes i Nord-Aurdal, ei rute på over 20 mil, med åtte konsertar undervegs.
Vel møtt til Miljom-Lurås for ein konsert med historisk sus.
Konserten er 30. juni 20.00.
Vaksne: 200,- Ungdom (12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis.
Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/no/nb/e/vandreturne_1__luraas
Publikum inviterast også til vandring før konserten. Vandringa går frå Lurefoss og opp til Miljom-Lurås. Det blir guiding og musikalske innslag på turen, som vil gå i eit roleg tempo. Oppmøte for tur er 17.30 på Lurestogo (Lurefoss) Påmelding til [email protected]
Konserten er støtta av Kulturrådet
Advertisement
Where is it happening?
Nordmellomgarden 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge, Luråsgrende 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















