Nybegynnar i hagen – kvar startar du? Forfattar og gartnar Hanne Slyngstad-Hægeland på besøk
Schedule
Thu, 12 Mar, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Kulturhuset - Postboks 154, 6851 Sogndal Sogndalsfjøra, Norway | Førde, SF
Advertisement
Som ny hageeigar er det lett å ha store draumar. Å rusle berrføtt i graset ein stille sommarmorgon... Å sitje under eit tre med ei bok... Å høyre barnelatter fylle hagen medan sola varmar andletet…Men så står du der. Framfor ein stor, open grasplen og lurer: Kva gjer eg no?
Kjenner du deg att, er dette foredraget for deg.
Torsdag 12. mars får du ei praktisk gjennomgang av kva du faktisk bør prioritere dei første åra som ny hageeigar. Du lærer:
• Kva du bør gjere først – og kva som kan vente
• Korleis du unngår dyre feil
• Korleis du byggjer hagen steg for steg, samstundes som du skaper ein hage som faktisk passar livet ditt.
Hanne Slyngstad-Hægeland er hagebokforfattar og gründer av Hobbygartnarskulen. Ho har hjelpt hundrevis av usikre hageeigarar til å bli trygge hobbygartnarar – med konkrete planar og enkle system som fungerer.
Velkomen til ein kveld som kan bli starten på draumehagen din!
Arrangementet er i samarbeid med Sogndal hagelag.
Advertisement
Where is it happening?
Kulturhuset - Postboks 154, 6851 Sogndal Sogndalsfjøra, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.











