Nokon kjem til å kome – ei musikkdramatisk tolking av Jon Fosse
Schedule
Sun Nov 09 2025 at 06:00 pm to 07:30 pm
UTC+01:00Location
Smedasundet 98, 5525 Haugesund, Norway | Haugesund, RO
Advertisement
Eit av dei mest gåtefulle og urolege stykka i norsk dramatikk blir no presentert i ei ny, musikkdramatisk form. Nokon kjem til å kome av Jon Fosse, med musikk av Knut Vaage og regi av Bruno Berger-Gorski, vert ei rå og nærgåande oppleving – tett på kropp, stemme og stillheit.To menneske trekkjer seg tilbake til eit hus ved havet. Dei vil vere åleine. Men i det stille byrjar noko å dirre. Kva om nokon kjem?
Gjennom Fosses poetiske og ladde språk, og Vaages ekspressive, djuptgripande musikk, vert publikum dratt inn i ei uro som ikkje slepp taket. Ei framsyning som luktar av sjø og isolasjon, av lengsel, makt og mørke.
_______________
Medverkande:
Ho – Marianne Folkestad Jahren
Han – Halvor F. Melien
Mannen – Magnus Staveland
Kunstnarleg lag:
Regi – Bruno Berger-Gorski
Musikk – Knut Vaage
Scenografi – Alice Sturt
Dirigent – Bjarte Engeset
Produsent – Birgitte Njå
Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Stavanger kommune, Bergesenstiftelsen og Rogaland fylkeskommune.
Advertisement
Where is it happening?
Smedasundet 98, 5525 Haugesund, Norway, Smedasundet 98, 5525 Haugesund, Norge, Haugesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays: