Miniseminar - leikande litteraturformidling i barnehagen

Schedule

Wed, 28 Oct, 2026 at 05:00 pm

UTC+01:00
Location

HVL kreativefag | Haugesund, RO

Advertisement
Korleis kan litteratur bli noko barn utforskar og skapar meining i – og ikkje berre noko dei høyrer eller les? Det fins mange måtar å lesa ei bok på. Seminaret, som er eit samarbeid mellom Falturiltu og Høgskulen på Vestlandet, handlar om å presentera og diskutera ulike måtar og verktøy for å skapa engasjerande og inkluderande lesemiljø for barn.
Barns møte med litteratur i barnehage og skole har stor betydning for språkutvikling, tilhørigheit og læringsglede. Dette seminaret fokuserer på å skapa inkluderende lesemiljø der barna får delta aktivt, uavhengig av føresetnader. Me presenterer ulike metodar for korleis du kan bruka litteratur som utgangspunkt for leik, samtale og skapande fellesskap. Arbeidsmåtane støttar barns språk, danning og engasjement i tidleg alder.
Hannah Belsvik Hansen (norsk), Kirsti Aksnes (drama) , Marte Aadland Simonsen (kust&handverk) inivterer til miniseminar der me tek utgangspunkt i ei utvida høgtlesing av ei biletbok, og saman snakkar me om biletbøker for barn, viser døme frå estetisk formidling og får høyra om korleis og kvifor det er viktig å lesa bøker på ulike måtar. Barnehagen Espira Solkroken har dei siste to åra hatt fokus på “lek-en-bok” – og vil dela sine erfaringar frå barnehagekvardagen. Silje Fjøsne frå do:be (www.dobe.no) snakkar om korleis den skjermfrie digitale plattformen do:be kan brukast i formidling av biletbøker og i å skapa nye forteljingar for barn.
Velkomen til eit praktisk, samsnakkande miniseminar med estetisk formidling i fokus!
Påmelding til: [email protected]
Advertisement

Where is it happening?

HVL kreativefag, Haugesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Falturiltu - nynorsk litteraturfestival
Host or PublisherFalturiltu - nynorsk litteraturfestival

Ask AI if this event suits you