Meland Jazzkafe med Sandven Jazz Kompani
Schedule
Fri, 31 Oct, 2025 at 07:30 pm
UTC+01:00Location
Meieriet Frekhaug | Bergen, HO
                  		Advertisement
                   		                   		 
                  	
                  
                                    
                  Vi gler oss stort til å ønskje dykk velkomne til ein flott haustkonsert på Meland Jazzkafé! Denne kvelden får vi besøk av det fantastiske Sandven Jazz Kompani – eit band som verkeleg veit korleis ein skaper god stemning, smittande rytmar og ekte New Orleans-jazzglede.Sandven Jazz Kompani oppstod i Kvam i 2017 under namnet Nes Trad Band, men har sidan utvikla både namn og uttrykk. Med røter i Hardanger og erfaring frå mellom anna JolaJazz på Sandven Hotel, trebåtfestivalen og fleire kjende jazzklubbar, har gruppa funne sin heilt eigen plass i det norske jazzmiljøet.
Bandet har eit solid fotfeste i tradjazz-tradisjonen, men leikar seg stadig med nye og spanande låtar. Resultatet er levande, ekte og engasjerande musikk – akkurat slik vi likar det på Meland Jazzkafé! 🎵
________________________________________
🎺 Besetning
• Geirmund Sandven – trombone
• Jan Kåre Hystad – klarinett og saksofon
• Helge Haukås – kornett, flygelhorn og vokal
• Roald Gilje – tuba
• Terje Neset – banjo
• Rolf Seldal – trommer
I tillegg får vi gleda av å høyre den nydelege røysta til Anna Neset, som er kveldens gjestevokalist – og vår haustsongfugl.
________________________________________
✨ Dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av!
Med energi, speleglede og ekte musikalsk handverk lovar Sandven Jazz Kompani å fylle lokalet med varme tonar og svingande rytmar. Ta med deg vener, naboar og godt humør – og bli med på ei uforglemmeleg jazzkveld.
Velkomen til ei kveld med rytme, sjel og smil – vi sjåast på Meland Jazzkafé! 🎷
🎟 Lenkje til billettar:
https://melandjazzkafe.ticketco.events/no/nb/e/meland_jazzkafe__sandven_jazz_kompani
                    	 
                    	 Advertisement
                    	                    		 
                    
                  
                  Where is it happening?
Meieriet Frekhaug, Havnevegen 68,Frekhaug, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
 
								
									Know what’s Happening Next — before everyone else does. 
								
							







