Marit Eikemo og Marita Aarekol om forlatne heimar på Vestlandet
Advertisement
Ei undersøking frå 2026 synte at 200 000 bustader står tomme i Noreg, mange av dei i grisgrendte strok. Dei forlatne husa fortel om bygdene, familiane, samfunnsutviklinga og kva vi vel å ta vare på.
Fotograf Marita Aarekol og forfattar Marit Eikemo har reist Vestlandet på kryss og tvers for å dokumentere kva som skjer med forlatne heimar og forteljingane som framleis sit i veggane.
I dette visuelle foredraget presenterer Aarekol og Eikemo "Husdraumar: forlatne heimar på Vestlandet", eit prosjekt der fotografi og litteratur opnar dørene til hus som står att etter levde liv. Her finst spor etter draumar, kvardagar, konfliktar og tap, og etter eit Noreg i endring.
Aarekol og Eikemo fortel mellom anna om huset som står slik det gjorde den dagen mannen som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall med ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Velkommen til ei litterær og visuell reise gjennom forlatne heimar, gløymde rom og historier som framleis ventar på å bli fortalde.
Marit Eikemo er forfattar, journalist og redaktør frå Odda, busett i Bergen. Ho debuterte i 1999 med intervjuboka "Her, no. Møte med unge menneske", og har sidan skrive romanar, noveller og essay med skarpe og underhaldande observasjonar av norsk samtid.
Eikemo har mellom anna gitt ut "Mellom oss sagt", "Hardanger", "Team Tuva" og "Vi er brødrene Eikemo". Ho har mottatt Amalie Skram-prisen og Samlagsprisen, og var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2018.
Marita Aarekol er fotograf i Bergens Tidende. Ho har gjennom arbeidet sitt reist mykje på Vestlandet, der møtet med små bygder og fråflytta heimar har vekt ei sterk interesse for å dokumentere hus som ber spor av levd liv.
Arrangert i samarbeid med Litteraturhuset i Stavanger.
Foto: Skjalg Ekeland
///
Arrangementet er ein del av Kapittel - Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, 16. - 20. september 2026. Meir informasjon, program og billettar finn du på www.kapittel.no.
Ved enkelte arrangement på Sølvberget og under Kapittelfestivalen tar vi bilde og video for dokumentasjon og til bruk i sosiale medium.

Where is it happening?
Litteraturhuset i Stavanger, Johannes' gate 21, 4014 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherKapittel