Litteraturavisa BLA til Bergen: om kjendisar, bokhausten og med opplesingar
Schedule
Tue Aug 26 2025 at 07:00 pm to 09:00 pm
UTC+02:00Location
Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Relansering av BLA-podden med Eilif Guldvog Hartvedt og William Sørensen Mørch, debatt om kjendisar og opplesingarDå Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, markerte det sjølve kroninga av ein ny gullalder for norsk litteratur. Men kva er det eigentleg som har skapt denne massive suksessen? Kva er dei store stjernene avhengige av for å skinne klart, og kva mistar vi om vi gløymer underskogen av mindre glamorøse forfattarar?
I samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet inviterer Litteraturavisa BLA med redaktørar Eilif Guldvog Hartvedt Og William Sørensen Mørch til relansering av BLA-podden i Bergen for å snakke om kollektive motkulturelle krefter og litterære miljø i dag og i fortida. Gjestar er poet og historikar Fredrik Hagen og Helle Linderud frå det skandinaviske tekstfellesskapet SKROT.
Bokhausten er altså i gang og Norsk Forfattersentrum Vestlandet relanserer på si side serien Kort og godt, der Cecilie Løveid, Gunnar Staalesen og Pedro Carmona-Alvarez les eigne tekstar. Og så blir det fest i LITT Colonialen, kom kom!
130/60,– (stud./honnør).
Advertisement
Where is it happening?
Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: