Lesesirkel: «Fred» av Arne Garborg
Schedule
Tue, 21 Oct, 2025 at 07:30 pm
UTC+02:00Location
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
I Nasjonalbibliotekets lesesirkel samlar vi eit knippe nysgjerrige lesarar på scena vår for å diskutere klassikarane folk stadig refererer til. No har turen kome til Arne Garborgs samtidsroman «Fred» frå 1892. Hovudpersonen Enok Hove slit med trua han har vakse opp med, og søkjer indre fred i ei verd prega av frykt og strenge religiøse krav. Garborg skildrar korleis fanatisme kan føre til psykisk liding, og kor vanskeleg det er å finne balanse mellom tradisjon og personleg fridom. Bakteppet for historia er ei tid då tusenvis av nordmenn utvandra til Amerika – mange på flukt frå fattigdom, religiøst press eller for å søkje eit nytt og friare liv.
Dette er dei som møtest for å snakke om «Fred»:
Lars Elling er biletkunstnar og forfattar med blikk for naturen og det visuelle. I både biletkunsten og litteraturen er han oppteken av familien, men levande natur pregar også kunstnarskapen. I august gav han ut sin andre roman, «Nei, dette husker vi».
Rolf Kristian Larsen er skodespelar frå Stavanger og har tolka ei rekkje roller på film og teater. Dei seinare åra har han fått merksemd som dramatikar med mellom anna stykka «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n». og «eggs n bakey». Han har vore husdramatikar på Dramatikkens hus og sit som styremedlem i Dramatikerforbundet.
Namra Saleem leier samtalen. Ho er journalist, musikar og forfattar, og er vaksen opp på Sola. Hennar roman «I morgon vi ler» frå 2016 handlar om ei jente i skvis mellom venene og dei konservative og religiøse foreldra.
Nasjonalbiblioteket har mange utgåver av «Fred» i hylla: https://www.nb.no/search?q=Fred&mediatype=b%C3%B8ker&name=%22Garborg,%20Arne%22
Når og kor?
Tysdag 21. oktober 19.30–20.30
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du treng billett for å sikre deg ein plass. Hent billett her: https://event.checkin.no/178644/21-10-lesesirkel-fred-av-arne-garborg
Mat og drikke?
Credo gir publikum på Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant. www.nb.no/ombygging
Velkomen!
Advertisement
Where is it happening?
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.