Lansering av Utyske med Guri Idsø Viken

Schedule

Thu, 29 Oct, 2026 at 06:00 pm

UTC+01:00
Location

Bortenfor | Oslo, OS

Advertisement
Velkommen til lansering av Utyske.
Året etter suksessen med Krakk, er Guri Idsø Viken klar med ny roman – denne gongen sett til Namdalen i 1944.
På garden Stormoen merker dei godt at det er krig. Tyskarane har tatt halve huset og styrer den store militærleiren i bygda frå finstova. Odelsjenta Synnøve er skeptisk, men mora oppmodar dottera til å gjengjelde interessa obersten Hugo viser ho.
Nedi vegen driv Sveinung sauegarden etter at faren døydde i bombinga av Namsos. Han blir stadig meir uroa av oppførselen til venninna Synnøve. Sjølv kunne han aldri likt ein soldat, meiner han. Det er heilt til han møter Mario. Sveinung fell pladask. Og med det er begge ungdommane involverte med kvar sin tyskar.
Utyske er ei stor forteljing om den umoglege kjærleiken mellom nordmenn og tyskarar under andre verdskrigen - uansett kven dei var.
Vi feirar boka på trøndersk vis med bokbad, musikk og eigna drikke. Ta gjerne med ein trønderrekvisitt eller to – for eksempel bart, skinnvest, lisseslips, snus, S-pose med sko, XL1, rett i koppen, mokasiner, soddbøtte, Bilde tå´n Ivers eller RBK-skjorte.
Advertisement

Where is it happening?

Bortenfor, Brenneriveien 7,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
ASCHEHOUG FORLAG
Host or PublisherASCHEHOUG FORLAG

Ask AI if this event suits you