Kva vil det seie å vere norsk? Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Sandra Opheim (HVL).
Schedule
Thu, 24 Apr, 2025 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Kulturhuset - Postboks 154, 6851 Sogndal Sogndalsfjøra, Norway | Førde, SF
Advertisement
Alt Brynjulf ynskte då han vaks opp på ei gard i Sogn var å selje garden og flytte bort. Men no, i vaksen alder, skriv han seg tilbake, til Vestlandet og naturen han flykte frå.For var Brynjulf eit barn som blei selt på tvers av landegrenser? Kan han likevel vere glad for at han blei kjøpt til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre.
Samstundes med at Kvit, norsk mann kom ut, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Brynjulf Jung Tjønn.
Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, så vil ein likevel berre høyre til. Å vere ein del av det norske. Men kven har Brynjulf vore? Kven skal han vere eller bli? Kva vil det seie å vere norsk?
Kvit, norsk mann har kome i åtte opplag. Boka er tildelt Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. I Norsk kjærleik fortset utforskinga av liknande emna. Men forfattaren finn også nye retningar – i tankane om Norge og det norske.
Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Sandra Opheim (HVL).
Advertisement
Where is it happening?
Kulturhuset - Postboks 154, 6851 Sogndal Sogndalsfjøra, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge,Sogndalsfjøra, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: