Kort og godt med Brynjulf Jung Tjønn

Schedule

Tue, 17 Mar, 2026 at 07:30 pm

UTC+01:00

Location

Det Vestnorske Teateret | Bergen, HO

Advertisement
Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Kveldens hovudgjest er allsidige og kritikarroste Brynjulf Jung Tjønn. Han har valt seg temaet røter. Gjestene til Tjønn er Pedro Carmona-Alvarez, Irene Kinunda Afriyie og Robin Van de Walle. Det vil bli opplesingar frå alle fire forfattarane. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over ordet røter, gjenstår å sjå.
Når: Tysdag 17. mars kl.19.30
Kvar: Skifte (gamle Logen bar), Det Vestnorske Teateret, Ole Bullsplass, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - betal i døra eller via lenke
Brynjulf Jung Tjønn har jobba som kulturjournalist, litteraturkritikar, forlagsredaktør og leiar av Den norske Forfatterforeningen. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. Han har sidan gitt ut fleire romanar og diktsamlingar for vaksne. For romanen Kvar dag skal vi vere så modige (2021) fikk han P2-lytternes romanpris. Tjønns forfattarskap opptek seg mellom anna med tema som identitet, hans eigen bakgrunn som adoptivbarn, utanforskap og tilhøyring. Det gjer han på sensasjonelt godt vis i diktsamlingane Kvit, norsk mann (2022) og Norsk kjærleik (2024). Sistnemnde blei nominert til Brageprisen, medan Kvit, norsk mann fekk Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.

‍Pedro Carmona-Alarez debuterte med diktsamlinga Helter i 1997, og har sidan gitt ut ei rekke romanar og diktsamlingar, to essaysamlingar og eit skodespel. Han har også oversatt fleire bøker, vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal poesi (med Gunnar Wærness). Han har mottatt mange prisar, mellom anna Sultprisen, 2-lytternes romanpris, Kritikerprisen, Triztan Vindtorn poesipris og Riksmålsprisen, og bøkene hans er omsett til fleire språk. Allsidige Carmona-Alvarez underviser også ved Skrivekunstakademiet og er musikar. I fjor kom hans første skodespel, Rust sover aldri, som blir sett opp på Den Nationale Scene i 2027.

Robin Van de Walle er oppvaksen i Belgia, og bur i Bergen. Han har studert Nordiske studium og Litteraturformidling i Oslo og Amsterdam, og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. Han jobbar i dag som litteraturformidlar ved Bergen offentlege bibliotek. Romanen Han, solo (2022) er hans første bok.

Irene Kinunda Afriyie kom til Askøy som foreldrelaus flyktning frå Kongo då ho var 16 år. I 2023 debuterte ho med sakprosaboka Jeg er fordi du er. Fortellinger om mitt Norge. Ho er samfunnsdebattant, føredragshaldar og gjestekommentator i Bergens Tidende. Ho fekk Sjur Holsens minnepris i 2023 for sitt formidlingsarbeid.

Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune. Serien set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk, og dette arrangementet er nummer tre i rekka.
Advertisement

Where is it happening?

Det Vestnorske Teateret, Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6,Bergen, Hordaland, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Norsk Forfattersentrum Vestlandet

Host or Publisher Norsk Forfattersentrum Vestlandet

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Bergen

Astroyoga. Fiskenes nym\u00e5ne.2 musikere
Tue, 17 Mar at 06:15 pm Astroyoga. Fiskenes nymåne.2 musikere

Tyttebærbrekko 2, Bergen

HEALTH-WELLNESS
\u00c5rsm\u00f8te Nordhordland Sykkelklubb 2026
Tue, 17 Mar at 07:00 pm Årsmøte Nordhordland Sykkelklubb 2026

Juvikstølen 25, 5916 Isdalstø, Norge

Jubileumsforedrag m\/Gunnar Staalesen
Tue, 17 Mar at 07:00 pm Jubileumsforedrag m/Gunnar Staalesen

Fortunen 7, 5013 Bergen, Norway

ART THEATRE
Rett p\u00e5 sak: Om arverett med Harald Alfsen og Torstein Frantzen
Tue, 17 Mar at 07:00 pm Rett på sak: Om arverett med Harald Alfsen og Torstein Frantzen

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

Shenanigans LIVE at St. Patrick\u2019s Day \ud83c\udfb8\u2618\ufe0f
Tue, 17 Mar at 09:00 pm Shenanigans LIVE at St. Patrick’s Day 🎸☘️

Chr Michelsensgate 10, 5012 Bergen, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
HOMLEGUTTENE p\u00e5 Laksev\u00e5g Frivilligsentral, Labyrinten
Wed, 18 Mar at 12:00 pm HOMLEGUTTENE på Laksevåg Frivilligsentral, Labyrinten

Laksevåg Frivilligsentral, Labyrinten, Håsteins gate 9, Laksevåg

Kafe
Wed, 18 Mar at 12:00 pm Kafe

Nordre Eidsbøen 20, Storebø

Hjelp, jeg skal bli student!
Wed, 18 Mar at 03:30 pm Hjelp, jeg skal bli student!

Grieghallen

FOOD-DRINKS FOOD-TRUCK-FESTIVALS
Jubileumsforedrag m\/Gunnar Staalesen
Tue, 17 Mar at 07:00 pm Jubileumsforedrag m/Gunnar Staalesen

Fortunen 7, 5013 Bergen, Norway

ART THEATRE
Kort og godt med Brynjulf Jung Tj\u00f8nn
Tue, 17 Mar at 07:30 pm Kort og godt med Brynjulf Jung Tjønn

Det Vestnorske Teateret

Foredrag med Peder Martin Lysest\u00f8l \u201cSionismen: Israels statsideologi
Wed, 18 Mar at 06:00 pm Foredrag med Peder Martin Lysestøl “Sionismen: Israels statsideologi

Litteraturhuset i Bergen

Forfattersamtale med Helga Flatland
Thu, 19 Mar at 06:00 pm Forfattersamtale med Helga Flatland

Fyllingsdalen bibliotek

Kultur og idrettskveld 2026
Fri, 20 Mar at 06:00 pm Kultur og idrettskveld 2026

Øygarden kommune

\u2728 Free Event: Yoga & Book Presentation \ud83d\udcd6 Tid for Yoga | Bergen
Sat, 21 Mar at 12:00 pm ✨ Free Event: Yoga & Book Presentation 📖 Tid for Yoga | Bergen

Tid for yoga

HEALTH-WELLNESS WORKSHOPS
Det som er skyggelagt
Sat, 21 Mar at 04:00 pm Det som er skyggelagt

USF Verftet

Poetry Night - March
Sat, 21 Mar at 06:00 pm Poetry Night - March

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

ART LITERARY-ART
Olaug Nilssen m\u00f8ter Chris Tvedt
Mon, 23 Mar at 06:00 pm Olaug Nilssen møter Chris Tvedt

Landås bibliotek

Vinskvetten 50 \u00e5r: Forfattersamtale med Claus Sellevoll og Knut Arvid Langeland ledet av B\u00e5rd Ose
Wed, 25 Mar at 06:00 pm Vinskvetten 50 år: Forfattersamtale med Claus Sellevoll og Knut Arvid Langeland ledet av Bård Ose

Åsane senter 52, 5116 Åsane, Norway

COMEDY ENTERTAINMENT
BFK | 25.03.2026 | What Does That Nature Say to You (2025)
Wed, 25 Mar at 07:00 pm BFK | 25.03.2026 | What Does That Nature Say to You (2025)

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49, 5015 Bergen, Norway

ART LITERARY-ART

What's Happening Next in Bergen?

Discover Bergen Events