Korgflettingskurs med Klara Pil i regi Haram Husflidslag

Schedule

Fri, 04 Sep, 2026 at 05:00 pm to Sat, 05 Sep, 2026 at 05:00 pm

UTC+02:00
Location

Sjurgarden 3, 6270 | Aalesund, MR

Advertisement
KORT FORTALT: I regi HARAM HUSLFIDSLAG vil det i Sjarmhagen arrangerast kurs i korgfletting med KURVMAKER KLARAPIL!
OBS: Begrensa plasser og bindande påmelding.

INVITASJON til
Korgflettekurs med
Kurvmaker Klara Pil
Hei!
Vi har gleda av å invitere deg til Korgflettekurs. Dette kurset passer for deg som ønsker å lære meir om pilefletting og korglaging. Du kan godt vere nybegynner og undervisninga blir tilpassa deg.
Praktisk informasjon:
Dato: Fredag 4. og laurdag 5.september (12 timer)
• Tid: Fredag kl 17-21 og laurdag 09-17
• Stad: Sjarmhagen i Sjurgarden 3 i Brattvåg
• Kursleiar: Kurvmaker Klara Pil frå Sørlandet!
• Pris: Medlemmer 2100 kr og ikkje-medlemmer 2600 kr – alt inkludert
• Påmeldingsfrist: 4.august
• Bli medlem? Sjå til Haram Husflidslag.
Kva vil du lære?
• Du vil få kunne lage di eiga korg ved hjelp av pileflettingsteknikker.
• Verktøy er å få låne og all pil er inkludert i prisen.
• Ta med deg matpakke på laurdagen, men vi serverer kaffe og te begge dager med kake og heimelaga kjeks.
Meld deg på til Unni tlf 95088922 innan fristen, men gjerne og helst før!!
Vår kurslærar skal reise langt så vi må ta betaling av halve kurset innan 4.august.
Hvis det er ønskelig så kan ho halde eit minikurs (4 timer)
på søndagen der vi kan lage enten lyslykt, serveringsbrett,
hjerte eller 2 stk blomst. Pris alt inkl. 1000 kr.
Håper dette vil freiste skaperglade mennesker å bli med på! Det er ikkje kvar dag vi får ein korgmaker frå Sørlandet hit til oss så dette er ei sjeldan anledning.
Håper å sjå deg!

Med vennleg helsing,
Unni Myrset
- Studieleiar for Haram Husflidslag

Hvis kurset ikkje blir noko av pga for lite
påmeldte vil all kursavgift bli tilbakebetalt.
Hvis du derimot ikkje kan etter
påmeldingsfristen, beheld vi det til betaling
av flybiletter, kost og losji.
Om det skulle bli skikkelig dårlig ver vil vi
mulig flytte lokasjon, men info vil bli gitt i
god tid.
OBS: KUN 9 PLASSER!
Advertisement

Where is it happening?

Sjurgarden 3, 6270, Sjurgarden 3, 6270 Brattvåg, Norge, Aalesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sjarmhagen - h\u00f8ner, hage og hobby
Host or PublisherSjarmhagen - høner, hage og hobby

Ask AI if this event suits you