Konsert med Per Arne Glorvigen
Schedule
Sun, 27 Apr, 2025 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Jernbanegata 16, 2609 Lillehammer, Norway | Lillehammer, OP
Advertisement
Søndag 27. april kjem superstjerne og bandoneonist Per Arne Glorvigen til Kulturuthuset!Per Arne kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini. Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist med base i Paris. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer vart avgjerande.
I tillegg til å spela tango har Glorvigen freista å utvide bandoneon-repertoiret med barokk, kletzmer, pop og ikkje minst samtidsmusikk. Fleire komponister har komponert konsertar for bandoneon og orkester tinga av Glorvigen. Glorvigen har spelt med mellom anna gitaristen Gøran Søllscher, cellistane Natalie Clein, Tormod Dalen og Nicolas Altstaedt, strykekvartettane Apollon Musagète, Leipziger, Maxwell og Alban Berg og orkester som: Staatskapelle Dresden, BBC Symphony Orchestra, Orchestra Guiseppe Verdi Milano, Det Russiske Nasjonalorkester, Les Solistes de l’Orchestre de Paris og dei viktigaste symfoni og kammerorkestra i Skandinavia!
Den viktigaste samarbeidspartnaren hans har likevel vore fiolinisten Gidon Kremer. Dei har spelt inn 4 CDar ilag (mest med musikk av Astor Piazzolla) og har gjeve eit hundretals konsertar verda rundt. I Noreg har Per Arne spelt med Tango for 3 og han har vore jamnleg gjest ved dei viktigaste festivalane. Han var Festspelmusikar ved Festpsela i Bergen i 2006.
Glorvigen har også hatt suksess med framsyningane Tangotanko, Tungetango og Diktango der hans eigne humoristiske tekstar gjerne dreier seg om kulturskilnader mellom Dovre og Buenos Aires og spesialiteten er språksketsjar. Komposisjonsstudiar med Eric Tanguy og Guillaume Connesson I Paris har ført til at Glorvigen har framført musikken sin I dei fleste europeiske land. Den fyrste CDen med eigne komposisjonar kom vinteren 2019 med Andreas Brantelid (cello) og Det Norske Kammerorkester (Aurora).
Det er duka for ein kveld med ei god dose tango, humor og Dovre!
Kulturuthuset er Camilla Granlien og Niels J. Røine sitt restaurerte uthus midt i Lillehammer sentrum.
Her serveres små, intime konsertar med store stjernar.
Advertisement
Where is it happening?
Jernbanegata 16, 2609 Lillehammer, Norway, Jernbanegata 16, 2609 Lillehammer, Norge,Lillehammer, NorwayEvent Location & Nearby Stays: