Konsert med Camilla Granlien | Galleri Ullinsvin
Advertisement
Sommaren 2026 skal Camilla Granlien på ein soloturné til utvalde, akustisk egna rom med sterk historisk og kulturell forankring, og ein av stoppestadene er Galleri Ullinsvin!
Camilla Granlien er folkesongar med fordjuping i sangtradisjonane frå Gudbrandsdalen og Hedmarken. Ho forvaltar eit stort tradisjonsrepertoar. Hovudvekta av materialet blir framført a cappella, men på enkelte nummer vil Granlien akkompagnere seg sjølv med kontrabass, gitar, ukulele, kalimba eller hapidrum.
Camilla Granlien er ein erfaren og prislønna utøvar, kjend for sterke formidling, tydeleg tekstbehandling og nær kontakt med publikum. Ho har vunne Landskappleiken i vokal klasse A tre gongar, og motteke Kongepokalen for songen sin. Med over 20 år som frilans folkemusikar har hun opparbeida seg brei scenisk erfaring og god kjennskap til materialet ho formidlar.
Som folkesongar legg Granlien stor vekt på historiene bak songane – tekstene, melodiane og kjeldene. Formidlinga er munnleg, personleg og forankra i tradisjon, samstundes som den er relevant for eit moderne publikum.
Det blir sal av kaffe og bakst. Førehandssal av billettar samt i døra.
Foto: Ingvild Skeie Ljones

Where is it happening?
Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågå, Norway, Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågåmo, Norge, Dombås, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherUllinsvin