Konsert Husabula kulturscene , Florø

Schedule

Sat, 22 Aug, 2026 at 10:00 pm

UTC+02:00
Location

Husabula Kulturscene | Førde, SF

Advertisement
Still a Free Man
Still a Free Man er eit band med røter tilbake til 2006. Det som starta som eit samarbeid mellom Laila Beate Førde, Einar Nesbakk og Elisabeth Solbakken, har gjennom åra utvikla seg til eit seksmannsband med erfarne musikarar frå fleire ulike prosjekt.
Etter ein pause på åtte år fann bandet saman att våren 2026. Med nokre nye medlemmar og eit nytt namn – Still a Free Man – var det naturleg å markere ein ny start. Den første konserten etter pausen blei halden på Havlys i Bremanger, og responsen frå publikum gjorde at spelegleda verkeleg vakna til liv igjen. Målet no er å halde nokre konsertar kvart år.
Musikken spenner frå folkrock og rock til soul og pop, med stor vekt på sterke melodiar, fleirstemt vokal og godt samspel. Repertoaret inneheld låtar av artistar som Fleetwood Mac, Joni Mitchell, Crowded House, Little Feat, Orleans, Bill Withers, Prince og mange fleire. Publikum vil kjenne att mykje av musikken – songar som har vore lydsporet for fleire generasjonar frå 70-, 80- og 90-talet.
Det som kjenneteiknar Still a Free Man, er varme vokalharmoniar, fengande gitarsoloar, stemningsfulle saksofonparti, fløyte, akustiske og elektriske gitarar i flott samspel, eit solid og drivande trommekomp og ein presis, groovy bass. Vi ønskjer å skape konsertar der speleglede, kvalitet og nær kontakt med publikum står i sentrum.
Bandet består av:
* Laila Beathe Førde – vokal og saksofon
* Einar Nesbakk – vokal og gitar
* Elisabeth Solbakken – vokal og fløyte
* Ole Martin Frimannslund – trommer
* Ole Rasmus Hjelle – gitar
* Kristian Roset – bass
Dei fleste musikarane er aktive i andre band og prosjekt, men møtest i «Still a Free Man» fordi dei deler gleda over tidlause låtar og ekte speleglede.
Advertisement

Where is it happening?

Husabula Kulturscene, Fjordgata 5, 6900 Florø, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Still a FreeMan
Host or PublisherStill a FreeMan

Ask AI if this event suits you