Klatredag i Forberget Klatrefelt
Schedule
Sun May 31 2026 at 11:00 am to 03:00 pm
UTC+02:00Location
Forberget, 2690 Skjåk, Norge | Dombås, OP
Advertisement
Igjen i år er me så heldige å ha fått midlar frå Miljødirektoratet retta mot inkluderande og lågterskel friluftslivsaktivitet. Me inviterer derfor til lågterskel klatredag i Forberget Klatrefelt i Skjåk.Arrangementet passar for heile familien, og det krevjast ingen tidlegare erfaring frå klatring. Arrangementet er heilt gratis.
Instruktørar kjem til å rigge tau og vere med å sikre, så alle som vil kan teste klatring ute. Det blir også ein stasjon der ein kan prøve seg på rappellering. I tillegg blir det heldt opplæring i både topptausikring og etablering av anker for topptauklatring, slik at foreldre og andre som vil kan lære det dei treng for å klatre topptau på eigenhand etter kurset.
Trykk skal på arrangementet så veit vi kor mange bollar vi treng!
Praktisk info:
Klatringa skjer på klatrefeltet i Skjåk Forberget klatrefelt mellom kl 11 og 15.
Jotunheimen Fjellsportklubb stillar med alt nødvendig klatreutstyr. Om nokon har eigne klatresko kan dei ta med det. Om ikkje, så er sko med stivare såle heilt fint å klatre med! Joggesko fungerar også. Dei som har hjelm kan ta med det. Ta med mat, drikke og klede til å vere ute ein heil dag.
Vi legger vekt på trygghet! Instruktøren er godkjent innan NF systemet, og vil legge til rette for at utfordring og mestring skjer i trygge omgjevnader!
Håpar så mange som mogleg tar turen!
Spørsmål henvendes til Sigrun Ente 98442076
Advertisement
Where is it happening?
Forberget, 2690 Skjåk, Norge, Dombås, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















