Jazzkafé: Vegard Holum sings– ein hyllest til Chet // Parken kulturhus
Advertisement
Jazzcafé i foajeen på Parken kulturhus
Ingen regel utan unntak. I år har Jazzsirkelen testa jazzcafé på søndagar – og no testar vi jazzcafé i foajeen på Parken kulturhus.
Denne ettermiddagen har Vegard Holum sett saman ein hyllest til Chet Baker, saman med eit kremlag av musikarar frå regionen.
Vegard Holum er musikar og komponist frå Fosnavåg, med utdanning frå Universitetet i Agder og Norges musikkhøgskole. Han voks opp i ein musikkfamilie, omgitt av kor og song, og vart tidleg oppteken av melodien – korleis han heilt på eiga hand kan skape spenning, og brått bli både kraftfull og mjuk i møte med andre musikalske element.
Som aspirerande jazztrompetist retta Holum tidleg merksemda mot sjølve nestoren innan melodisk trompetspel: Chesney Henry Baker Jr., betre kjend som Chet Baker. Den uanstrengde og horisontale melodiføringa hans over hyppige akkordskifte var djupt fascinerande. Det låg inga trong der til å imponere eller briljere. Han berre var musikken.
No ønskjer Holum å dykke ned i Baker sitt nostalgiske univers. Han har plukka ut sine favorittar frå katalogen og tek på seg rolla som både trompetist og vokalist. For å tolke musikken har han fått med seg svært kompetente musikarar og inviterer til ei konsertstund i cooljazzens teikn.
Vegard Holum – trompet og vokal
Norvald Dahl – piano
Lars Martin Vik – kontrabass
Børre Dalhaug – trommer
Foto: Arnstein Lystad

Where is it happening?
Parken kulturhus, Parkgata 3b,Ålesund, Norway, Aalesund
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherParken kulturhus