Jazz på Jølst 2025 - Tjuvstart - Karl Seglem Folkjazz kvartett
Schedule
Thu Oct 09 2025 at 08:00 pm to 10:00 pm
UTC+02:00Location
Løa på Jølstraholmen | Førde, SF
Advertisement
Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia. Og musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. Mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvartetten presenterer musikk frå fleire av hans album-utgjevingar der kritikar-roste Mytevegar, Nunatak, Ossicles og Nordic Balm står sentralt. Ein kan også bli øyrevitne til nytt materiale. Urframføring! Eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakkert energisk, med poetisk nordisk tøtsj.Karl Seglem, tenorsax, bukkehorn, stemme
Andreas Vold Løwe, tangentar
Anders Bitustøyl, bass
Kåre Opheim, trommer
Konserten blir arangert i samarbeid med Førdefestivalen.
Advertisement
Where is it happening?
Løa på Jølstraholmen, Jølstravegen 721, 6847 Vassenden, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: