Historietimen - Slaga ved Solskjel

Schedule

Thu, 17 Sep, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid, Norway | Sunndal, SF

Advertisement
Historia om sjøslaga ved Solskjel og folket sin kamp mot okkupasjon og einevelde. Fortalt av forfattar av "Slagene ved Solskjel", Per Kristian Dahl.
Det at Harald Hårfagre makta å samle Noreg til eitt rike etter slaget i Hafrsfjord i år 872, blir ofte framheva med stoltheit. Men før denne hendinga fann det stad to viktige sjøslag som set Harald Hårfagre si bragd i perspektiv. Harald Hårfagre var alt anna enn fager. Den brutale sanninga er at rikssamlinga hans ikkje handla om å samle nordmenn, men om å innføre eit einekongedøme. Dei Harald Hårfagre sigra over, måtte ikkje berre rette seg etter eit diktatorisk styre, men vart òg utarma.
På same måten som motstandsheltane våre under den andre verdskrigen samla folk seg til kamp for å verne om verdiane i samtida. Ein av desse var kong Audbjørn av Fjordane, som deltok i det andre slaget ved Solskjel med Myklebustskipet.

Per Kristian Dahl har dokumentert fridomskampen mot Harald Hårfagre sitt regime i boka Slaga ved Solskjel. Kom og høyr historia om folket sin fridomskamp mot okkupasjon og diktatur.

Praktisk info;
Billett kr. 100,-
Dato: Torsdag 17 september kl 19.00
Dørene opnar kl 18.30
Foredraget varer om lag ein time.
Boka fins for sal på Sagastad.

Billett kjøper du her eller kom innom på Sagastad og kjøp i døra. Billettsal på sjølve dagen så lenge vi har plass. Kjøp i forkant så er du sikker😄
Advertisement

Where is it happening?

Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sjøgata 21, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sagastad
Host or PublisherSagastad

Ask AI if this event suits you