Heine Totland – Rock & Roll Circus på Tønneloftet, Staalehuset | 9. mai
Schedule
Sat, 09 May, 2026 at 06:30 pm to Sun, 10 May, 2026 at 01:00 am
UTC+02:00Location
Daniel Danielsensgt. 55, 5523 Haugesund, Norway | Haugesund, RO
Advertisement
No er det endeleg Haugesund sin tur igjen!Heine Totland og hans All Star Band kjem tilbake – og det er altfor lenge sida sist.
📍 Tønneloftet, Staalehuset
🗓 9. mai
🚪 Dørene opnar kl. 18:30
🕗 Konsertstart kl. 20:00
Denne kvelden fyller me Tønneloftet med ekte speleglede, rå energi og låtar frå musikkens gullalder. Dette blir ikkje berre ein konsert – det blir ei oppleving. Ei tidsreise. Ein fest!
Heine og bandet set passaren på 1963, skrur han rundt og teiknar ein sirkel rundt nokre av dei aller beste låtane som finst. Her snakkar me 50- og 60-talet – då rocken var ung, bilane var kule, kjolane svinga og stemninga stod i taket.
Heine er som ein syngande, gitarspelande James Dean – med seg har han eit knippe musikarar i toppklasse som leverer med boblende musikalitet og smittande energi. Det blir gode historiar, herlege tolkningar, mykje latter – og garantert allsang.
Dette er kvelden der:
✨ rockefoten går av seg sjølv
✨ du syng med – sjølv om du ikkje hadde tenkt til det
✨ latteren sit laust
✨ og stemninga løftar heile Tønneloftet
Kom tidleg, ta noko godt i glaset og lad opp til ein kveld som verkeleg svingar!
Me gler oss stort til å ønskje Heine og hans All Star Band velkomen tilbake til Haugesund – og endå meir til å fylle huset med dykk!
Ta med vener, naboar og dansefoten – og bli med på Rock & Roll Circus 9. mai 🎪🎸
🎟 Sikre deg billett no – dette blir fort fullt!
Advertisement
Where is it happening?
Daniel Danielsensgt. 55, 5523 Haugesund, Norway, Daniel Danielsens gate 55, 5523 Haugesund, Norge, Haugesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.

















