HEIME@Rivedal 2026

Schedule

Fri, 11 Sep, 2026 at 07:30 pm to Sat, 12 Sep, 2026 at 01:00 am

UTC+02:00
Location

Rivedal, 6982 Holmedal, Norge | Førde, SF

Advertisement
HEIME@RIVEDAL vart ein braksuksess da det var arrangert første gong under Teaterfestivalen i fjor, og til glede for dei som ikkje fekk med seg denne magiske kvelden - er festival-i-festivalen no tilbake; i utvida versjon!
HEIME@RIVEDAL er ein heilaften i den gjestfrie bygda Rivedal ved Dalsfjorden. Her kan du vandre fra hus til hus og oppleve musikk og performance - i private heimar, hagar, løer og fjøs - og ved fjorden! Kvar konsert eller performance varer om lag 20 minutt, og du vel sjølv kva rute du vil gå og kva du vil oppleve; vi garanterer at dette vert ei oppleving du seint vil gløyme !
På programmet i år kan du oppleve:
THEA HJELMELAND - pop-dronninga fra Sunnfjord treng ikkje nærare introdukjson? Ho kjem til Rivedal med ei magisk oppleving, og utan å røpe for mykje; det vert hestar.
KABARET MAKABER - Mørk, suggererende og ramsalt sogne-noir
FORTELJEPUB - Per Arne Tveit med talkshow på terassebaren- nye gjestar heile kvelden.
KNAUS - hagekonsert med Bergensbasert elektronikaband som speler folkemusikkinspirert rave!
VILNES - Eivind Vilnes kjem med indiepop, folk og country-soul fra den ville vestlandskysten!
WUNDERBAR - Teaterkompaniet The Amazing inviterer til låvebar med show
TARRAK - Grønlands råaste rappar, i nedstrippa soloversjon!
ANNA KATRIN EGILSTRØĎ- Færøyisk elektronikaartist som lagar store stemningar
DESIBEL- Verdas største mobile hornhøgtalar
AGGRASOPPAR - Færøyisk Axe-killer pop punk
FERSKE SCENER - Med stueversjonen av framsyninga Kapittel 21 tek tromsøkompaniet opp korleis Norges fiskeripolitikk i siste del av 1900-tallet pressa sjøsamiske fiskere ut av yrket.
UNGDOMSSCENE - Scene for unge band og talenter i bygdehuset
SPOR - korsang i fellesfjøset
DALSFJORDEN SPELEMANNSLAG - speler til dans
DEKOR deltek og poppar opp der du minst ventar det
I tillegg vert det UNGDOMSCENE for barn i grendahuset!
Programmet vert oppdatert fortløpande og detaljert forløp for kvelden vert lagt ut i august.

PRAKTISK INFO:
Billetten til HEIME@RIVEDAL inkluderer buss til og frå Dale for dei som treng det. Tider for bussavgang vert sendt ut via billettsystem. Førstemann til mølla.
Billetten byttast til eit eige festivalpass for arrangementet, dette gjør du på Rivedal grendehus ved arrangementstart. Her får du kart over bygda og timpelan.
Vi samarbeider med Rivedal Grendalag, som held open kafe og 3 barer under heile arrangementet.
Arrangementet er ope for born og ungdom, men det vert skjenking i avgrensa områder og i desse områda må dei under 18 vere i følge med ein vaksen.

Advertisement

Where is it happening?

Rivedal, 6982 Holmedal, Norge, Rivedalsvegen 21, 6982 Holmedal, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Teaterfestivalen i Fjaler
Host or PublisherTeaterfestivalen i Fjaler

Ask AI if this event suits you