Haustmøte på Leirvik Bedehus 2026
Advertisement
Haustmøte på Leirvik Bedehus
Talar: Viggo Klausen
Viggo Klausen har forkynt for barn, unge og familiar i over 30 år. Han er 55 år og arbeider til dagleg i foreininga Velkommen Hjem, der han er evangelist med særleg fokus på barn og familiar.
Fredag 23. oktober
18.00–19.00 – Seminar: Forkynning for barn og unge
Eit praktisk seminar for deg som forkynner for barn og unge.
Viggo deler korte og konkrete tips om:
- korleis du kan førebu deg godt
- korleis du kan byggje opp ein andakt
- bruk av språk og stemme
- forteljeteknikk
- pedagogiske hjelpemiddel og korleis du kan variere bruken av dei
- korleis du kan bruke dine eigne styrkar og særlege eigenskapar
- korleis du kan evaluere deg sjølv
20.00 – Fredagskveld med Viggo
Tema: Kvifor gå Norge på langs?
Bli med inn i førebuingane til ein heilt spesiell tur. Korleis motivere seg? Korleis trene og varme opp? Korleis velje rute – og korleis pakke?
Viggo deler personleg om kampen mot overvekt og kva turen har gjort med han, både fysisk og psykisk. Han fortel også om den store overraskinga stillheita hadde med seg.
Turen var ikkje planlagt som ein pilegrimstur. Men det blei den likevel.
I perioden 2018–2021 gjekk Viggo Norge på langs, med ein 75 kilo tung vogn på slep. Den lengste etappen var frå Lindesnes til Bodø og tok tre og ein halv månad.
Det blir god mat og ei avslappa og triveleg stemning.
Laurdag 24. oktober
12.00 – Generasjonssamling
Ei samling for alle generasjonar, med minikonsert med Stord Soul Children.
Viggo Klausen formidlar sentrale bibelske tema på ein kreativ og spennande måte.
13.30 – Sal av graut og pølser
14.30 – Velkommen Hjem
Eit seminar med fokus på evangelisering, konseptet Velkommen Hjem og praktiske tips til korleis vi kan skape rom i våre eigne heimar for tru og relasjon til Jesus i kvardagen.
Bli inspirert til å sjå korleis di forsamling eller foreining kan få kontakt med nye barn, ungdommar og familiar i lokalmiljøet.
Søndag 25. oktober
11.00 – Alle saman-gudsteneste
Ei Gudsteneste for alle generasjonar.

Arr: IMS, ImF Stord og Horneland Bedehus

Where is it happening?
Leirvikbedehus.no, Borggata 104,Stord Island, Hordaland, Norway, Haugesund
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherIndremisjonssamskipnaden