Harald Eia - Beveget av kjærlighet
Schedule
Fri Feb 14 2025 at 07:00 pm to 08:15 pm
UTC+01:00Location
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Harald Eia ser ikkje på seg sjølv som ein følsam type, men har blitt nysgjerrig på kva som faktisk skjer med han når han blir rørt til gledestårer.I dette føredraget går han på typisk Eia-vis vitskapleg til verks for å forstå sine eigne og andre sine kjensler. Kvifor blir vi eigentleg rørt, og har det nokon funksjon? Kva er det som triggar kjensla av tilhøyrsle? Kva får oss til å gråte av rørande film-og TV-augneblink?
Han er kjent for sin evne til å kombinere humor og vitskap på ein unik og engasjerande måte, og her kan du forvente ein oppleving som garantert både underheld og inspirerer.
Bli med på ein humoristisk reise om mystikken bak gledestårer med heile Noregs Harald Eia!
—
Harald Eia er mest kjend for humorprogram og karakterar som «Oslolosen» på TV, men han har òg ein lidenskap for å formidle kunnskap på ein underhaldande måte. I program som Spillet, Brille, og i NRK-serien om det norske samfunnet, Sånn er Norge, har Harald begeistra det norske folket med nye og overraskande innsikter.
Harald er ikkje berre oppteken av komedie, men brenn òg for vitskap. Han er utdanna sosiolog frå UiO og byrja å lage humorprogram på NRK etter å ha jobba som høgskulelærar i eitt år.
Ved sida av lyd- og bilete-produksjonar har han skrive fleire populærvitskaplege bøker. Født sånn eller blitt sånn handlar om kva psykologiske trekk som er medfødde, og kva som er forma av oppseding og samfunnet rundt. Hva forskes det på her? er ei morosam kunnskapsbok som spring ut av TV-programmet Brille.
Advertisement
Where is it happening?
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: