GRØN GRÜNDERKRAFT - frukostmøte på Skaparhuset 🥐
Schedule
Tue Sep 16 2025 at 08:30 am to 10:00 am
UTC+02:00Location
Skaparhuset | Aalesund, MR
Advertisement
Korleis utvikle ein grøn forretningsidé – og finne inntening og støtteordningar? Korleis kan ein leve av berekraft?🌱 Ida Kleppe er kjend frå "Draumen om eit småbruk" på NRK. Ho var Bergen sin første bybonde og har nyleg gitt ut bok om å drive sin eigen kjøkkenhage. Ida tek sjeldan eit nei for eit nei, og er ekspert på å snu utfordringar til moglegheiter. Ida skal dele erfaringar frå eigne prosjekt, som har fått støtte mellom anna frå Innovasjon Norge, og korleis ho jobbar mot den grøne draumen.
🪸 Brian Tsuysohi Takeda er ein verdsengasjert pioner, gründer og pådrivar for å skape verdi gjennom naturrestaurering. Han står bak selskap som Restorae AS og Urchinomics, er leiar for Reforestation i Kelp Forest Foundation, og aktiv i Japan Blue Economy Association.
Gjennom arbeidet sitt viser han korleis vi kan snu miljøutfordringar til løysingar som både styrkjer naturen og opnar nye moglegheiter for menneske og samfunn.
Klar for ei særs inspirerande frukoststund? - meld deg på her: https://forms.office.com/e/EKUaLSNvjU
Vel møtt! 🥐
Advertisement
Where is it happening?
Skaparhuset, Æra, Sjøgata 30, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays: