Fuglefest i Lærdal kulturhus med Skinkeape // Lyse dagar i Lærdal

Schedule

Thu, 23 Apr, 2026 at 05:00 pm

UTC+02:00

Location

Lærdal kulturhus | Voss, HO

Advertisement
Torsdag 23. april er litt av eit kinderegg. Denne dagen markerar me både Verdas bokdag, Berekraftsveka og Lyse dagar i Lærdal – og me feirar alt dette med eit artig arrangement for heile familien i Lærdal kulturhus.
Møt Marianne Gretteberg Engedal – Skinkeape
Den prisbelønte illustratøren, forfattaren og kokken frå Dagali i Hallingdal kjem til Lærdal for å ta oss med inn i sitt varme, underfundige univers. Ho står bak dei populære bøkene om Pølsetjuven og den nyaste boka Fuglar du kan ha møtt, som begge har fått strålande kritikkar.
Til Lærdal kjem Marianne med boka «Fuglar du kan ha møtt».
Har du sett ein fin fugl og lurt på kva han heiter? Hender det at det landar fuglar på fuglebrettet du ikkje har sett før – og ønskjer du deg fleire fuglebesøk? Då må du komma på show!
Fuglar du kan ha møtt er stappfull av artige og nyttige fakta om fuglar du faktisk kan treffe på i nærleiken. Du får vite kva dei et, kvar dei held til og korleis du kan kjenne dei igjen.
Visste du til dømes at spettmeisa er den einaste fuglen i Noreg som kan gå nedover ei trestamme? Eller at fossekallen brukar vengene til å symje under vatn når han jaktar småfisk og krepsdyr? Under showet får du læra dette – og mykje meir – direkte frå Marianne sjølv.

Aktivitetar for heile familien
I tillegg til show og høgtlesing blir det aktivitetsbord i vestibylen med:
🧵 Perling av fuglar
🖍️ Teiknestasjon
🔍 Rebus for store og små
Ein perfekt ettermiddag for alle som likar bøker, fuglar og perling.
Gratis og ope for alle, men ta gjerne ut billett for å sikra deg plass
Advertisement

Where is it happening?

Lærdal kulturhus, Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Voss, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
L\u00e6rdal folkebibliotek

Host or Publisher Lærdal folkebibliotek

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Voss

Mountain Beat \ud83c\udfd4\u2728 Morning Beat, Yoga and Breathwork weekend
Thu, 23 Apr at 12:30 pm Mountain Beat 🏔✨ Morning Beat, Yoga and Breathwork weekend

Arctic Coliving

HEALTH-WELLNESS YOGA
NOLS Wilderness First Aid
Fri, 24 Apr at 08:00 am NOLS Wilderness First Aid

Flåm Samfunnshus

WORKSHOPS
\u00c5pningshelg 2026
Fri, 24 Apr at 09:00 am Åpningshelg 2026

Voss Fallskjermklubb

ENTERTAINMENT
Samferdslem\u00f8te og \u00e5rsm\u00f8te - Fjordvegen RV13
Fri, 24 Apr at 11:00 am Samferdslemøte og årsmøte - Fjordvegen RV13

Blix Hotell

FULLBOOKET: Yoga og velv\u00e6rehelg, 24-26 april - 2026
Fri, 24 Apr at 06:00 pm FULLBOOKET: Yoga og velværehelg, 24-26 april - 2026

Hotel Ullensvang

HEALTH-WELLNESS
TIL BORDS MED BRATLAND - intimkonsert og middag
Fri, 24 Apr at 07:00 pm TIL BORDS MED BRATLAND - intimkonsert og middag

Ullensvangvegen 865, 5781 Lofthus, Norway

CONCERTS
Naustlandet: Forfattarm\u00f8te med Eva R\u00f8yrane
Tue, 14 Apr at 07:00 pm Naustlandet: Forfattarmøte med Eva Røyrane

Haugesenteret

Kompani Linges maritime spesialoperasjoner
Thu, 07 May at 06:00 pm Kompani Linges maritime spesialoperasjoner

Hardanger fartøyvernsenter

To heimkomne
Fri, 08 May at 08:00 pm To heimkomne

Yppal mat & drykk - Ulvik

Marit og br\u00f8drene Eikemo
Sun, 13 Sep at 04:00 pm Marit og brødrene Eikemo

Fjordavegen 4581, 5778 Hesthamar, Norway

What's Happening Next in Voss?

Discover Voss Events