Fredagslunsj - forfattarbesøk: Einar Økland (GRATIS)
Schedule
Fri May 08 2026 at 11:30 am to 12:15 pm
UTC+02:00Location
Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway | Haugesund, RO
Advertisement
Me feirar ny diktsamling frå Einar Økland med forfattarbesøk på Fredagslunsj! Karikaturar i spegel med hol er ei samling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg sjølv, men like gjerne forsvinne innover i det ukjende, i mørket og søvnen.
Einar Økland (f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.
Arrangeres med tilskot frå Norsk Kulturråd, Norsk Forfattarsentrum, DKSS og Haugesund Mållag.
Advertisement
Where is it happening?
Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.









