Forfattarsamtale med forfattar Mímir Kristjánsson
Schedule
Mon Feb 10 2025 at 06:00 pm to 07:00 pm
UTC+01:00Location
biblioteket i Knarvik, 2 etasje AMFI Knarvik | Bergen, HO
Advertisement
Måndag 10. februar kl. 18 blir det forfattarsamtale med forfattaren Mímir Kristjánsson på biblioteket i Knarvik. Her blir det ein prat om han siste bok "Pabbi - en familiesaga om drukkenskap". Samtalen blir leidd av Tove Helene Giske.I «Pabbi» tek Mímir oss med på ein reisa gjennom sin eigen barndom og vaksenliv, der han reflekterer over far sin, som både var hans største heilt og ein mann som kjempa med alkoholproblem. Boka er ei forteljing om ein pappa som drakk for mykje, og ei slekt som har slite med alkoholisme i fleire generasjonar, heilt tilbake til Egil Skallagrimssons tid.
Boka beskriv korleis me forhald oss til våre næraste, det å elska nokon trass i svakheitene deira og om å erkjenna at dei som står oss nær, og er menneske med sine eigne kampar.
Mímir Kristjánsson (f. 1986) er stortingsrepresentant for Raudt, forfattar og tidlegare journalist. Han har vore nyheitssjef i Klassekampen, og har mellom anna gitt ut bøkene Frihet, likhet, Island (2015), Hva ville Gerhardsen gjort? (2018), Mamma er trygda (2019) og Jon Michelet. En Folkets helt (2021). Han voks opp i Stavanger med sin islandske pabbi og norske mor.
Boksal og signering etter forfattarsamtalen.
Måndag 10. februar kl. 18
Biblioteket i Knarvik
Arrangementet er gratis. Velkomne!
Advertisement
Where is it happening?
biblioteket i Knarvik, 2 etasje AMFI Knarvik, Kvernhusmyrane 29, 5914 Isdalstø, Norge,Knarvik, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: