Foredrag om Thekla Resvoll ved forfattar Kjersti Helene Hernæs

Schedule

Wed Jun 24 2026 at 06:00 pm to 07:30 pm

UTC+02:00
Location

Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågåmo, Norge | Dombås, OP

Advertisement
Foredrag om Thekla Ressvoll med Kjersti Helene Hernæs, forfattar av boka "Thekla Ressvoll. Botaniker. Stemmerettsforkjemper. Akademisk pionér" (2026).
Resvoll var den fyrste gifte kvinna i ei vitskapeleg stilling i Norge og den fyrste som fortsette i stillinga etter å ha fått barn. I 1918 vart ho den fyrste norske kvinna til å forsvare ein doktorgrad i botanikk. Ho var også den fyrste norske kvinna som vart fotografert i bukser utan skjørt over (!) og ho engasjerte seg sterkt i kampen for kvinner sin stemmerett.
Boka fylgjer Thekla sitt liv frå barndommen i Vågå, der hennar livslange kjærleik til blomar og fjellplanar vart født, via studietida i Kristiania, der hun møtte mann sin Andreas Holmsen, til hennar banebrytande vitskaplege karriere. Høgdepunktet var forskingsreisa til Java i 1923–24, der ho studerte tropiske planter – eit voldsomt sprang frå dei små fjellplantene ved snøleiene på Dovrefjell, kor ho gjorde feltarbeidet sitt og anla ein fjellhage som lever vidare den dag i dag.
Sal av kaffe og bakst.
Boksal og signering av bøker.
Advertisement

Where is it happening?

Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågåmo, Norge, Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågåmo, Norge, Dombås, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Ullinsvin
Host or PublisherUllinsvin

Ask AI if this event suits you