Fjelltur frå Lunde til Fjærland via Marabreen

Schedule

Sat, 01 Aug, 2026 at 08:00 am

UTC+02:00
Location

Sogndal | Førde, SF

Advertisement
Lunde (inst i Kjøsnesfjorden) til Fjærland (Bøyadalen) er ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, og den kortaste kryssinga av breen.
📍 Turomtale
Vi møtast i Sogndal ved Almenningen (Lægreid Hotell) for samkøyring kl. 08:00. Nokre bilar blir sette att på Fjærland-sida før vi køyrer vidare gjennom Fjærlandstunnelen til Lundebotn, der turen startar ca. kl. 09:00.
Turen går i roleg, men jamt tempo opp den bratte stien gjennom Lundeskaret, med om lag 650 høgdemeter stigning til skaret på ca. 1000 moh. Deretter går vi vidare i slakare terreng mot Trollavatnet før ny stigning opp mot Marabreen.
Breen er relativt flat i starten og truleg fri for snø. Den siste bakken opp mot passet mellom Kvitevardane (ca. 1400 moh.) er noko brattare. Frå passet går turen stort sett nedover til Bøyadalen.
⏱️ Turen tek om lag 8–10 timar.
⚠️ Turen er gradert som ekstra krevjande fordi vi går på bre, over snøfenner, i bratt terreng, delvis utan sti, og fordi turen er lang med mange høgdemeter.
👥 Turleiarar og breførar
Gaute Dvergsdal Bøyum er med som breførar gjennom firmaet Mountaingoat.
Anne Rudsengen er turleiar.
Turen blir avlyst ved for dårleg vêr.
✅ Krav til deltakar
Du må vere i god fysisk form.
Du må kunne vere ute og i aktivitet heile dagen.
Ta gjerne kontakt med turleiar eller breførar dersom du har spørsmål om turen.
🎒 Utstyrsliste
Obligatorisk utstyr:
Fjellsko (ikkje joggesko)
Ryggsekk på minimum 30 liter
Varme underklede
Vass- og vindtett jakke og langbukse
Mellomlag (fleece, ullgenser eller dunjakke)
Hue og hanskar/vottar
Solkrem og solbriller
Mat, drikke og snacks for ein lang dag
Det er naudsynt med klede som dekkjer armar, bein og hender når ein går på bre, for å unngå skrubbsår ved eventuelle fall.

Det er mogleg å låne breutstyr (stegjarn, isøks og klatresele) hjå Gaute. Det er viktig at ein bruker fjellstøvler på turen slik at stegjarna sit godt. Kvar deltakar må bære breustyr sjølv i eigen sekk.
Skriv i kommentarfeltet ved påmelding om du vil leige breutstyr eller har sjølv.
Dato: Laurdag 1. august
Oppmøte: Sogndal ved Lægreid Hotell kl. 08:00 eller Lundebotn kl. 09:00
Pris:
DNT-medlem: 400 kr
Ikkje-medlem: 600 kr
Gratis for DNT Ung-medlemar
Påmeldingsfrist: 29. juli kl. 18:00
Påmelding via lenken: http://aktiviteter.dnt.no/register/lundetilfjaerlandviamarabreen_13012026105814
Maks tal deltakarar: 25
Kommunar: Sogndal og Sunnfjord
Turområde: Jostedalsbreen
Kontakt
Breførar: Gaute Dvergsdal – 916 16 748
Turleiar: Anne Rudsengen – 959 63 888
Advertisement

Where is it happening?

Sogndal, Gildevangen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sogndal Turlag
Host or PublisherSogndal Turlag

Ask AI if this event suits you