Familielaurdag på kulturskulen
Schedule
Sat May 09 2026 at 11:00 am to 02:30 pm
UTC+02:00Location
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Familielaurdag på kulturskulenGratis aktivitetar for barn – morosame verkstadar og stasjonar
Laurdag 9. mai kl. 11.00–14.30 inviterer Sunnfjord kulturskule til Familielaurdag. Denne dagen kan barn og familiar kome innom kulturskulebygget og vere med på korte, levande og morosame verkstadar innan musikk, teater og kunst.
Her kan ein prøve instrument og utforske lyd, leik og uttrykk. Verkstadane varer i om lag 15–20 minutt og er laga spesielt for denne dagen. Dei byr på morosame aktivitetar og er tenkte som ei første, uformell oppleving med musikkinstrument, teater og visuell kunst.
Det er gratis å delta, og det er inga påmelding på førehand.
Billettar til verkstadane blir delte ut fortløpande i resepsjonen ved inngangen. Ein kan velje sjølv korleis dagen blir – hente billettar på ein gong eller kome tilbake undervegs.
VERKSTADAR OG STASJONAR:
TULL & TEATER
improvisasjon og teaterleikar med Greta
KUNSTVERKSTAD
lag din eigen animasjonsfigur med Camilla
THE GROOVY TROMBONES
tromboneverkstad med Mari Therese
ORGELSPRELL
med Asbjørn
PIANOLAB
korleis blir lyden til? med Noemi
GITAR!
eit instrument, tusen sjangrar – med Jacob
PIANØRENE
ein lyd- og speleverkstad for nysgjerrige øyre med Anja og Karl Erik
HULDRAS HEMMELEGE MELODI
kan vi lokke fram Huldra med hardingfela og song? med Britt Pernille og Christine
FIOLINFISKE
vi fiskar fram melodiar – spel, lytt og lær med Henri
LUNAS MAGISKE FLØYTE
Kor er Luna? Musikktablå med Helga
EVENTYR MED RYTME OG LYD
vi lagar ei forteljing med lydar frå slagverkinstrumenta – med Dimiter
DEN RAUDE SKATTEKISTA
songleikar og regler med Julia
TUT & KJØR BANDET
vi lagar eit band på null komma niks! – med Harald
FOTOHJØRNE MED TEATERKOSTYMAR
open stasjon i foajéen
DEN HEMMELEGE MELODIEN
rebus gjennom kulturskulen
Velkomen til ein kjekk og uformell dag på Sunnfjord kulturskule –
vi gler oss til å ta imot både små og store! 🎶🎭🎨
Her ligg kulturskulebygget:
https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/kulturskulen/om-oss-sunnfjord-kulturskule/finn-vegen-til-kulturskulen/forde.14081.aspx
Advertisement
Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















