Familiearrangement med miljøspeling m.m.
Schedule
Sun Apr 19 2026 at 12:00 pm to 02:00 pm
UTC+02:00Location
Runde Miljøsenter | Aalesund, MR
Advertisement
Familievenleg samling som avslutning på MiniFolkeMusikkFestival-helga! Eit samarbeid mellom Fosnavåg konserthus og Spelemannslaget Havella, og vi er glade for å kunne ha dette arrangementet på Runde!Opplev Runde. Cecil Nærbø & co stiller med "Gull, skatt og piratar" - ei omvisning til Rundeskatten. Det blir også sjøstjernejakt på lab og taco-buffét m.m.
Frå kl. 12.00 blir det konsert i andre etasje med Havella og Øyrafolk! Øyrafolk er Volda kulturskule sitt folkedans- og folkemusikktilbod. Dei har hyppige prosjekt i lag med rekruttane i Spelemannslaget Havella, som er samspeltilbodet i Herøy kulturskule og Sande kulturskule. Denne søndagen håper Havella og Øyrafolk at mange familiar tek turen til miljøsenteret. Vi lager "opa scene" for barn, eller Miljøspeling som vi i folkemusikkmiljøet kaller det. Om det er born som vil framføre noko innan folkemusikksjangeren er det berre å melde si interesse til Andrine Longva Kopperstad innan 12.april.
Eit opplegg for heile familien! Meir info kjem, i eige event og på våre nettsider.
Advertisement
Where is it happening?
Runde Miljøsenter, Rundavegen 237, 6096 Herøy, Norge, Aalesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















