EKSTRAKONSERT med Arne Høyland // Galleri Gamleskulen
Schedule
Sun, 25 Jan, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Galleri Gamleskulen | Bergen, HO
Advertisement
Etter at den første konserten vart utseld på under to dagar (med noko overbooking), skjønar me at ein ekstrakonsert med Arne Høyland er på sin plass! Alle som no vil ha billett er velkomne til å førehandskjøpa til ekstrakonsert søndag 25/1 kl. 19. Det er stas å kunna presentera ein eigen konsert med Arne Høyland og visene hans, noko me lenge har hatt lyst til. Det er ein eigen sjarme i framføringa hans, ekte og med eigarskap til det han syng om. Og me som bur her i bygdene vert stolte av å få løfta fram alle desse alminnelege menneska frå vårt nærmiljø og deira kvardagsslit og den viktige kunnskapen og ferdigheitene dei har hatt.
Gjennom mange år har Arne Høyland samla historier om folk i Nordhordland, om arbeidsmåtar og levesett som ein gong var. Han har intervjua folk som no er borte og han har samla stoffet på nettsida Eikangerbygda, der me alle kan ha glede av å lesa og læra om livet slik det var før her hjå oss. Noko av stoffet har blitt til songar, framførte blant anna på fjernsyn i ein maritim serie med Dag Lindebjerg og i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" og i ei eiga forestilling "Frå hav til fjell i Nordhordland" som vart framført på fleire scener i Nordhordland for eit par år sidan.
Billett kr.200, Vipps til 99 38 62 75 eller send melding til tlf. 99 38 62 75.
Dørene opnar kl.18.30.
Advertisement
Where is it happening?
Galleri Gamleskulen, Fyllingsnesvegen 359, 5913 Eikangervåg, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















