Ein plass i verda! En musikalsk historietime om sild og jekter og han og henne..i tida kring år 1800
Schedule
Thu, 23 Oct, 2025 at 08:00 pm
UTC+02:00Location
Folken | Stavanger, RO
Advertisement
«Ein plass i verda» - ein historietime og ein musical i småformat…Historietimen tek til i 1795 og endar i 1825. Førestillinga handlar om lausungen Brita på Bryggjå og husmannssonen Lukas frå Himlaleite, - to menneske som kunne ha levd.
Dei to møtte kvarandre fyrste gongen som tiåringar i 1795 då Lukas reiste til sjøs som jektegut. Brita vart att på Bryggjå.
Me vert med når dei endeleg møtest att i 1825, - på den same Bryggjå.
I ord og tonar fortel dei om livet ute og heime, om krig og fred, og om gode år og uår. Ikkje minst minner dei oss om kvifor framtidsutsiktene var så mykje betre i Amerika enn i Noreg.
«Ein plass i verda» for heile familien…
Førestillinga høver like godt for 10-åringar som for 100-åringar. Sidan premiera hausten 2023, har me blant anna hatt "historieundervisning" for 4. klassingar i Suldal gjennom den kulturelle skulesekken og me skal underhalde på haustfesten til pensjonistane i Bjerkreim. Sjølvsagt har me også hatt framsyningar i små og store kulturhus.
«Ein plass i verda» er skriven av Saudabuen Ola G. Strømme og med musikk av Geir Langslet. Dei kallar framsyninga «ein musical i småformat». Ola har henta inspirasjonen frå Ryfylke, men «Ein plass i verda» - kan vera ein kvar strandstad mellom Grense Jakobselv og Iddefjorden…
Korkje folk, stader eller hendingar er historiske fakta.
Derimot er «bakteppet» henta frå historiebøkene (og ingen har så langt funne «feil» i historieforteljinga).
«Ein plass i verda» - har med blant dei finaste musikarane Rogaland har å by på…
Brita & Lukas speles av Hege Kristin Kjærvoll og Trond Dagsland.
Hege Kristin er kan hende ein av dei mest allsidige stemmene i Rogaland. Ho hentar fram dei varaste stemningane når ho syng salmar, og ho syng symfonisk rock med ein intensitet og kraft som kan flytte hårfestet hjå tilhøyrarane.
Trond har vore ein berande stemme i små og store musicaloppsettingar. Blant anna kunne ein høyre han som Utbryterkongen i Matilda the musical på Rogaland Teater, - ei rolle han også skal spele når teateret set opp musicalen frå 16. januar!
Dei to får musikalsk følge av multiinstrumentalisten Håkon Nielsen frå Sand.
Her er en presentasjon på 2 minutter og 31 sekunder:
Advertisement
Where is it happening?
Folken, Løkkeveien 24, 4008 Stavanger, Norge, Stavanger, NorwayEvent Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.