Dylanselskapet

Schedule

Fri Feb 27 2026 at 07:00 pm to 09:20 pm

UTC+01:00

Location

Det Vestnorske Teateret | Bergen, HO

Advertisement
DYLANSELSKAPET
– ein dramakomedie om menn, vennskap og Bob Dylan
Om handlinga:
Fire menn møtest jamleg for å diskutere Dylan, livet, døden - og alt anna dei ikkje snakkar om med kvinnene sine
Men den siste tida har ting byrja å endre seg: Den eine er alvorleg sjuk, den andre har blitt saman med eksen til den tredje, og den fjerde har planlagt ferietur med elskerinna same dag som kona skal føde. Det er duka for sterke kjensler, opprivande samtalar, og djupe erkjenningar. Heldigvis treng dei berre å snakke om Dylan.
Dylanselskapet er ein dramakomedie om vennskap, menn, aldring og Bob Dylan. Og om kor vanskeleg det kan vere å snakke om det som verkeleg betyr noko.
Om forfattaren:
Dylanselskapet er skrive av den svenske dramatikaren Dennis Magnusson. Stykket har vore ein stor suksess ved fleire teater i Sverige, og får sin Noregspremiere ved Det Vestnorske Teateret våren 2026.
Magnusson er ein anerkjend dramatikar, som har skrive for både film og teater. Han står blant anna bak storfilmen Kongen av Bastøy, og han var dramaturg for den internasjonale suksessen La den rette komme inn.

Stjernelag på Hovudscenen:
Dei fire karakterane i stykket blir spelte av
Lasse Kolsrud, Anders Dale, Sigmund Njøs Hovind og Svein Harry Schöttker-Hauge. Vi kan ikkje drøyme om eit betre skodespelarlag! Publikum kan vente seg sterke skodespelarprestasjonar, i ei folkeleg og rørande framsyning som snakkar like mykje til hjartet som til hovudet.

Kunstnarleg lag:
Av Dennis Magnusson
Omsetjing frå svensk til nynorsk: Aslak Moe
Regi: Simon Lay
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Silje Grimstad
Colombine Teaterforlag
Varigheit:
Omlag 2 timar og 20 min. inkludert pause.
Vert spelt på Hovudscenen.
Plakatfoto: Andreas Roksvåg.


Advertisement

Where is it happening?

Det Vestnorske Teateret, Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6,Bergen, Hordaland, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Det Vestnorske Teateret

Host or Publisher Det Vestnorske Teateret

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Bergen

Norway Snowkite trip
Fri, 27 Feb at 02:00 pm Norway Snowkite trip

Geilo, 5463 Uskedal, Norge

TRIPS-ADVENTURES
Gjenopningshelg 27. februar!
Fri, 27 Feb at 03:00 pm Gjenopningshelg 27. februar!

Mandelhuset

CONTESTS
Vinterdans p\u00e5 Scandic Flesland Airport
Fri, 27 Feb at 06:00 pm Vinterdans på Scandic Flesland Airport

Scandic Flesland Airport (Lønningsvegen 9, Bergen)

DANCE ENTERTAINMENT
Evig Godt - En smaksreise tilbake til Forbudstiden
Fri, 27 Feb at 06:00 pm Evig Godt - En smaksreise tilbake til Forbudstiden

Lars Hillesgate 16 B., 5013 Bergen, Norway

Wesseltoft - Andersen - Nilssen trio \/\/ Bergen Jazzforum
Fri, 27 Feb at 09:00 pm Wesseltoft - Andersen - Nilssen trio // Bergen Jazzforum

USF Verftet

MUSIC ENTERTAINMENT
Salsa, Bachata og Rueda p\u00e5 Vinterdansen 2026
Sat, 28 Feb at 10:00 am Salsa, Bachata og Rueda på Vinterdansen 2026

Scandic Flesland Airport (Lønningsvegen 9, Bergen, Norway)

DANCE ENTERTAINMENT
Barnekino: Det suser i sivet
Sat, 28 Feb at 01:00 pm Barnekino: Det suser i sivet

Bergen Offentlige Bibliotek

Nybegynnerkurs i smiing
Sat, 28 Feb at 01:00 pm Nybegynnerkurs i smiing

Damsgårdsveien 227, 5160 Laksevåg, Norway

EKSTRAFORESTILLINGER - \u00c5sted Corner
Fri, 30 Jan at 07:00 pm EKSTRAFORESTILLINGER - Åsted Corner

Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norway

Improkveld p\u00e5 Lille DNS
Fri, 30 Jan at 08:00 pm Improkveld på Lille DNS

Fortunen 7, 5013 Bergen, Norway

Barnas Superkino 2026 \ud83e\udd73\ud83c\udf1f\ud83c\udf7f
Sat, 31 Jan at 10:00 am Barnas Superkino 2026 🥳🌟🍿

Besøksadresse: Neumannsgate 3 , 5015 Bergen, Norway

Vinsmaking i kunstens tegn
Sat, 31 Jan at 06:30 pm Vinsmaking i kunstens tegn

Cornerteateret

MUSIC ENTERTAINMENT
Teater Vestland: Eg er Lucy Barton \/\/ Oseana
Sat, 31 Jan at 07:00 pm Teater Vestland: Eg er Lucy Barton // Oseana

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway

VINTERDRYSS 2026 \u2013 Vestlandske Teatersenter
Wed, 04 Feb at 07:00 pm VINTERDRYSS 2026 – Vestlandske Teatersenter

Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norway

Barnel\u00f8rdag: Sans
Sat, 07 Feb at 02:00 pm Barnelørdag: Sans

Peter Jebsens veg 4, 5265 Ytre Arna, Norway

\u200bPoetic Punkgala
Sat, 07 Feb at 08:15 pm ​Poetic Punkgala

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

ART LITERARY-ART
Jubileumsforedrag m\/Gunnar Staalesen
Tue, 10 Feb at 07:00 pm Jubileumsforedrag m/Gunnar Staalesen

Fortunen 7, 5013 Bergen, Norway

Filmvisning av CLARA SOLA \/\/ 11. feb & 18. feb
Wed, 11 Feb at 06:00 pm Filmvisning av CLARA SOLA // 11. feb & 18. feb

Georgernes verft 12, 5011 Bergen, Norway

ENTERTAINMENT PERFORMANCES
Winter of Soul Festival 2026 - En feiring av svart kunst og kultur
Fri, 13 Feb at 03:00 pm Winter of Soul Festival 2026 - En feiring av svart kunst og kultur

Bergen Internasjonale Kultursenter

FESTIVALS ENTERTAINMENT
\ud83d\udc94Wuthering Heights\ud83c\udfacLadies Night p\u00e5 ODEON Sotra
Fri, 13 Feb at 06:00 pm 💔Wuthering Heights🎬Ladies Night på ODEON Sotra

SARTORVEGEN 12, 5353 Straume, Norway

PERFORMANCES ART

What's Happening Next in Bergen?

Discover Bergen Events