DNT Unge Vaksne: Gourmettur til Kaldavasshytta
Schedule
Sat, 18 Apr, 2026 at 09:20 am to Sun, 19 Apr, 2026 at 05:00 pm
UTC+02:00Location
Voss Stasjon | Voss, HO
Advertisement
Vil du vere med på ein overnattingstur til Kaldavasshytta før våren set inn for fullt? Gjer deg klar for en skikkeleg kosetur med fokus på god mat og hygge. Gradering / vanskelegheitsgrad:
Middels (blå): 400 høgdemeter, 6 kilometer og 2,5- 3 timer (kvar veg)
Turomtale:
Dag 1:
Me møtast på togstasjonen kl. 09:20 for å fordela mat og nødvendig ustyr mellom deltakarane. Toget går kl. 09:50 og er framme kl. 10:38 på Upsete. På Upsete spenner me på oss fjellskia der det er mogleg. Me fylgjer vinterruta til Kaldavass. Turen er omlag 6 kilometer og 400 høgdemeter. Me reknar 2,5- 3 timar på turen, så me har god tid før sola går ned, og tar ein god lunsj i vårsola. Vel framme på hytta planlegg me ein skikkeleg god middag, og ein sosial og hyggeleg kveld med god gammeldags hyttekos.
Dag 2:
Me står opp og fiksar kaffi og frukost sammen, før me set i gang med utvask av hytta. Det blir same turen heim, også her har me satt av god tid. Me kan velja om me vil ta ein tidleg tur heim og rekkje toget kl. 13:18 eller kl. 16:01.
Meir info og påmelding: https://aktiviteter.dnt.no/register/dntungevaksnefjellskiturtilkaldavasskoseturpavarsno_05032026122613#/
Advertisement
Where is it happening?
Voss Stasjon, Evangervegen 9, 5700 Voss, Norge, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















