Det framande landet – ei konsertframsyning
Schedule
Wed Sep 24 2025 at 07:30 pm to 08:30 pm
UTC+02:00Location
Steinkjer Kulturhus | Steinkjer, NR
Advertisement
I denne unike konsertframsyninga møtest skodespelar Torstein Andersen og jazzmusikar Håkon Mjåset Johansen for å gi nytt liv til Carl Frode Tillers første diktsamling, "Det framande landet".Tiller sjølv kallar det eit langdikt om kreativitet, skaping og overleving. Det slyngjer seg gjennom tider og hendingar, fram og tilbake i menneskets historie, utan kronologiske eller logiske grenser. Elvis møter neandertalarar. Dei tidlegaste jegarane skyt piler i Louvres montre. Historia går i spiral, og verda må skapast på nytt – igjen og igjen.
Kom og opplev ei musikalsk og litterær reise der alt krasjar med alt, og ingenting er tilfeldig.
📍 Petite/foajeen, Steinkjer kulturhus
🎟️ Gratis - ingen påmelding!
Arrangementet er ein del av LITT.MIDT – litteraturfestivalen i Midt-Noreg, og blir arrangert i samarbeid med Hilmar året rundt
Advertisement
Where is it happening?
Steinkjer Kulturhus, Jakob Weidemanns gate 1, 7713 Steinkjer, Norge, Steinkjer, NorwayEvent Location & Nearby Stays: