Debatt: Kultur for klima
Schedule
Fri Nov 07 2025 at 12:30 pm to 02:00 pm
UTC+01:00Location
Norges musikkhøgskole | Oslo, OS
Advertisement
I lys av klimakrise og naturtap møter vi som musikarar fleire nye utfordringar og moglegheiter. Så korleis kan vi som musikarar bidra til positiv endring i samfunnet? Kva er musikarane si rolle i det grøne skiftet, kva er ein berekraftig musikarpraksis, og kva for verktøy har vi? Korleis kan utdanningane tilpasse seg denne verkelegheita, og kva slags kompetansar treng musikarar og kommande musikarar?Program:
- Kl. 12:30–12:40: Kunstnarleg innslag ved Hanne Kallestad ensemble
- Kl. 12:40–13:50: Debatt med deltakarane Anders Hammer Strømman (prodekan for berekraft ved NTNU og Naturpanelet FN), Karen O'Brien (samfunnsvitskapeleg klimaforskar ved UiO, Change, Naturpanelet), Mia Frogner (Kulturdirektoratet, berekraftansvarleg), Jana Winderen (billedkunstnar/kurator, lydkunstnar/produsent). Moderator og innleiar: Morten Qvenild.
- Kl. 13:50–14.00: Avsluttande kunstnarleg innslag ved Håkon Høgemo (hardingfele)
Debatten er ein del av Kammermusikkveka 2025. Biletet er frå prosjektet Glacier Lamentation – The Sound of Climate Change av Torben Snekkestad, Anja Lauvdal og Morten Qvenild (NMH).
CC: Gratis
Les meir om debatten: https://nmh.no/arrangementer/debatt-kultur-for-klima
Les meir om Kammermusikkveka 2025: https://nmh.no/festivaler/kammermusikkveka-2025
Advertisement
Where is it happening?
Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.