Dans med dyne | Kuben i Grong
Schedule
Thu, 30 Apr, 2026 at 06:00 pm
UTC+02:00Location
Kulturhuset Kuben | Namsos, NR
Advertisement
Kva er omsorg verdt? I ei verd full av ufattelig liding og maktsjuke menneske er stemmene til utkantkvinner verd å lytta til. Dans med Dyne - Ord om Arbeid - av Anne Mette Hegdahl og Liv Marit Idsø. Denne forestillinga tar utgangspunkt i forteljingane til tre gamle kvinner som har vakse opp og levd på bygda i Nord-Trøndelag – på ei øy, på ein fjellgard og i eit typisk jordbruksmiljø. Dei fortel om kvinneliv prega av arbeid og omsorgsoppgåver.
Alle menneske treng omsorg i ulike former gjennom livet. Men kva er omsorg verdt? Korleis måler vi verdien av det i vårt økonomiske landskap? I ei verd full av ufattelig liding og maktsjuke menneske sine vanvittige prosjekt er stemmene til utkantkvinner som dette, verd å lytta til.
Gjennom dans, musikk, tekst og film får du oppleva ei forteljing om levde kvinneliv.
Kunstnerisk medverkande:
Idé, regi og scenografi: Anne Mette Hegdahl
Manus og forteljar: Liv Marit Idsø
Produsent og dansar: Mari Angell
Komponist og musikar: Svein Tore Werstad
Foto og film: Renate Giskås Brønstad
Les meir på www.kulturhusetkuben.no
Advertisement
Where is it happening?
Kulturhuset Kuben, Sundspetvegen 23,Grong, Namsos, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
















