Dagfinn Lyngbø - FOLK // Førdehuset
Schedule
Sat, 08 Nov, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Stand Up Norge AS presenterer«DAGFINN LYNGBØ - FOLK»
FØRDEHUSET
Storsalen
Folk er høgt oppe blant tema vi snakkar mest om, enten det er sjefen, naboen, tanta eller han fyren du såg på bussen som brukte tøylommetørkle.
Sjølv om verda er full av fine folk, er det ofte dei rare, spesielle, irriterande folka vi snakkar mest om. Rett og slett fordi det er mykje morosammare.
Så når ein av landets morosamaste standupfolk snakkar om andre folk, blir det mykje å le av og kjenne seg igjen i.
Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemleg musikar og bestevenn Bjarte Jørgensen. For nokre fine folk!
«Det er så gjenkjennelig at hele salen brøler av latter»
- AFTENPOSTEN
«Dagfinn Lyngbø er fremdeles av norsk humors aller beste komikere»
- NRK
Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med forestillingene «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) , «Supersmud» (2017) og «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars» (2020), som til saman har selt godt over ein halv million billettar og motteke ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar hans posisjon som landets mest populære komikar.
Det einaste vi veit med sikkerheit, er at når Dagfinn lagar show, då kjem det folk!
Advertisement
Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge,Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: