Boklansering: Barnetragedien: Tabuteater for barn
Schedule
Sun Apr 19 2026 at 06:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Om arrangementetBoklanseringa blir ei feiring og ei open samling for teatermiljøet og andre interesserte. Kvelden startar med ei kort opplesing, før forfattar Bekka Vik Erlandsen og Elin Thoresen går i samtale om barnetragedien, barn, frykt og kunst. Samtalen opnar for refleksjonar rundt barneteateret si rolle i dag og kva slags scenekunst for barn vi ønskjer i framtida.
Det blir òg høve for spørsmål og innspel frå publikum. Etter programmet blir det boksignering, sal og uformell prat og mingling.
Arrangementet er ope for alle med interesse for barn, scenekunst og formidling.
Om boka
Barnetragedien: Tabuteater for barn undersøker korleis scenekunst for barn kan skildre vanskelege og tabubelagde tema som frykt, vald og makt på ein måte som tek barn på alvor som publikum. Boka presenterer barnetragedien som ein eigen sjanger innan scenekunst for unge, med utgangspunkt i både forsking og kunstnarisk praksis.
Om forfattaren
Bekka Vik Erlandsen er dramatikar og dramapedagog med mastergrad i dramapedagogikk og anvendt teater. Ho arbeider med scenekunst for barn og unge, og er særleg oppteken av barn som publikum og av kunst som rom for å møte det vanskelege.
Dette er hennar første fagbok.
Advertisement
Where is it happening?
Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norway, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















